Digitaliseringskonsulent – Vaksdal kommune

Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare

(18 timer siden)

  • DALEKVAM
  •  Lagt til dato: 29. september 2024
  •  Expire date: 13. oktober 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 29-09-2024
Deadline: 13-10-2024

 

Digitaliseringskonsulent

Om stillinga

  • Vaksdal kommune har oppretta ei ny spennande prosjektstilling som digitaliseringskonsulent i 100 % stilling, med moglegheit for fast tilsetting. Vaksdal er langt framme på velferdsteknologi og satsar stort på å bygga opp eit godt fagmiljø som kan driva digitaliseringa innan helsesektoren. Til hausten tar me i bruk eit nytt storslått omsorgsbygg med moderne teknologi. I tillegg har vi over lengre tid oppgradert eldre anlegg for digitalt tilsyn. Me har fleire spennande prosjekt på gang og ser etter nokon som kan driva digitaliseringa vidare. 
  • Som digitaliseringskonsulent vil du ha hovudansvaret for dei digitale løysingane innan helse og meistring. Ei av dei viktigaste oppgåvene vert å ta ansvar for innføring av elektronisk pasientjournal og oppfylging av velferdsteknologi. Du vil samarbeida tett med einingsleiar og kommunalsjef innan helse og meistring.

Arbeidsoppgaver

  • Vera bindeledd mellom avdelingane innan helse og meistring og aktuelle eksterne samhandlingspartar som til dømes IKT Nordhordland, Digi Vestland og ulike leverandørar av digitale løysingar
  • Bidra til digital kompetanseheving og kursing for medarbeidarar i institusjonane.
  • Vera rådgjevar/prosessleiar/prosjektleiar i prosjekter knytt til digitalisering 
  • Systemansvarleg for ulike system, blant anna elektronisk pasientjournal og pasientvarslingsanlegg
  • Administrasjon- og beredskapsansvarleg på teknologi i bruk i helse og omsorg
  • Ansvar for personvernkonsekvensvurdering (DPIA)

 

I og med at dette er ei nyoppretta prosjektstilling kan det verta justering av arbeidsoppgåver og ansvarsområder. 

Kvalifikasjonskrav

  • Bachelorgrad eller relevant fagbrev
  • Erfaring med prosjektleiing og implementering er ein fordel
  • Interesse, engasjement og erfaring med eller bruk av velferdsteknologi i helse- og omsorgstjenesten. 
  • Kunnskap om personvern og informasjonstryggleik
  • Erfaring frå helsesektoren er ein fordel
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Du har god samarbeidsevne og bidreg positivt i arbeidsmiljøet
  • Du er initiativrik og opptatt av kontinuerleg utvikling av deg sjølv, kollegaer og organisasjonen
  • Du evner å involvere, motivere og bygga tillit på alle nivå i organisasjonen
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Du er strukturert og løysingsorientert 
  • Du kan arbeide sjølvstendig, er beslutningsdyktig og har handlekraft
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt 

Vi tilbyr

  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit utviklingsorientert og drivande miljø
  • Vi er opptatt av innovasjon og er langt framme på digitalisering
  • Vilkåra er konkurransedyktige, og utviklingsmoglegheitene er gode
  • Du vil bli ein del av eit positivt og dynamisk lag med fagleg dyktige kollegaer
  • Gode pensjon- og forsikringsordningar

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vaksdal kommune orgnr: 989882201
Kort om arbeidsgiver
  • I Vaksdal kommune er vi opptekne av å ha framtida i sentrum. Vi tilbyr spanande moglegheiter for utvikling og karriere. Gjennom sitt engasjement bidreg våre tilsette kvar dag til at Vaksdal er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Vi er opptatt av innovasjon og er langt framme på digitalisering. Du finn oss sentralt, mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reisa hit med tog og bil.
  • Vaksdal kommune ynskjer at arbeidsstaben skal gjenspeile mangfoldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn, hol i CV-en eller funksjonsevne.
    • Nokon av Vaksdal kommune sine stillingar kan ha eigne helsekrav og krav til fysisk skikkaheit. 
    • I henhald til offentlegheitsloven §25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har anmoda om ikkje å stå på søkjarlista.
    • Vaksdal kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Attestar og vitnemål må leggast ved søknaden. Høgare utdanning gjennomført utanfor Norge må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Godkjenninga må dokumenterast.
Webside https://www.vaksdal.kommune.no/
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted DALEKVAM (Adresse: Konsul Jebsensgate 16 Postnr: 5722)
Stillingstype Prosjekt Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 13-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/8ec2b6f3-7ae3-486c-bf80-bdc7a777bae4
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/266896