Stillingsbeskrivelse

Published 16-12-2024
Deadline: 01-03-2025

 

Digitaliseringsdirektoratet søker trainee: Kommunikasjon og teknologi

Kven er du?

Du har bachelor eller master innan kommunikasjon eller marknadsføring, gjerne med innslag av teknologifag, og 0 – 3 års arbeidserfaring etter studiar. Du har kunnskap og interesse for teknologi, og synest det verkar spennande å ivareta løysingane våre og gi støtte til nye og eksisterande kundar.

I denne rolla får du jobbe med den daglege forvaltninga av samfunnskritiske fellesløysingar og oppfølging av over 1600 offentlege verksemder og deira leverandørar. Dette er verksemder som Skatteetaten, Nav, Statens Lånekasse, Helsedirektoratet og kommunar. Det er eit pluss om du har erfaring med eller interesse for universell utforming, menneske/maskin-interaksjon og prosjektarbeid. Krav til norskkunnskap: B1

Dette vil du jobbe med:

Arbeidsoppgåvene vil bli tilpassa bakgrunnen din, utdanning og kompetanse, men dette kan vere aktuelle oppgåver:

  • Formidle dei gode brukarhistoriene
  • Utarbeide redaksjonelt innhald og visualisering av data
  • Planlegge og gjennomføre marknadsaktivitetar
  • Følge opp kundar og leverandørar
  • Integrasjon av tenester i fellesløysingar
  • Utarbeide og vedlikehalde teknisk dokumentasjon
  • Ivareta kundeperspektivet inn mot utviklingsteama

Som trainee i Digdir får du:

  • Løn i spennet kr 500 000 – kr 620 000 etter kvalifikasjonar
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver med stor moglegheit for personleg utvikling og kompetanseheving innanfor eit av Noregs mest spennande kompetansemiljø
  • Eit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman med dedikerte kollegaar
  • Treningsrom og høve til trening i arbeidstida
  • Arbeidsstad i våre lokale på Leikanger
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i Statens pensjonskasse
  • Fleksibel personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar

Kvifor Digdir?

I traineestillinga får du sjansen til å kombinere faglege utfordringar med fleksibel arbeidstid. Det gir deg fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen! Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar, og tilbyr eit inkluderande og kompetent friluftsmiljø. Med eit ungdommeleg studentmiljø og mange spennande fritidstilbod er Sogn og Leikanger ein attraktiv stad å bu.

Framtidsfylket traineeprogram

Som trainee hos oss blir du del av Framtidsfylkets traineeprogram. Å starte arbeidslivet som trainee i gir ein smooth overgang frå studieliv til arbeidsliv. Gjennom traineeprogrammet får du oppfølging frå eigen mentor og vil oppleve eit støttande fellesskap med andre traineear. Fire gonger i året reiser du på traineesamling for å få fagleg påfyll, personleg utvikling og møte andre traineear. I løpet av året vil du utvide både ditt profesjonelle og personlege nettverk og oppleve vakre Vestland.

Vi ser fram til å høyre frå deg!

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Framtidsfylket AS orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Frå 15. desember venter fleire traineestillingar på deg i Vestland.

Er du nyutdanna eller fersk i arbeidslivet? Delta i Framtidsfylket sitt traineeprogram og set spor frå dag éin!

 Meld deg på nyheitsbrevet vårt og hald deg oppdatert.

Kva vil det seie å vere trainee i Framtidsfylket? Her får du svara på ofte stilte spørsmål.

Vestland byr på eit variert og spennande næringsliv med store karrieremoglegheiter!

Framtidsfylket er fylket si eiga merkevare for jobb og rekruttering, og omfattar i dag jobbportalen Framtidsfylket.no, Framtidsfylket Trainee og Framtidsfylket Karrieremesser.

Vår jobb er å synleggjere kva som rører seg på jobbmarknaden og kva fritid du kan skape deg i trivselsfylket. Målet er rekruttering og auka tilflytting.

Framtidsfylket.no tilbyr deg gode verktøy for jobbsøking og rekruttering av nye tilsette. Portalen fungerer som eit virtuelt samlingspunkt for arbeidsgjevarar og arbeidssøkjarar, og er alltid oppdatert med siste nytt.

Les meir på Framtidsfylket.no

Webside https://www.framtidsfylket.no/
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted LEIKANGER (Adresse: Skrivarvegen 2 Postnr: 6863)
Stillingstype Trainee Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 01-03-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ef103c47-91f0-47be-8c6a-1aef23948e39
IMPORTAPI
https://karriere.no/jobb/digitaliseringsdirektoratet-soker-trainee-kommunikasjon-og-tekno-5990076