Stillingsbeskrivelse

Published 01-10-2024
Deadline: 10-10-2024

 

Deltidsstillingar for jusstudentar

I Statens helsetilsyn jobbar vi for at befolkninga skal ha gode og trygge helse-, sosial- og barnevernstenester når dei treng det. Vi skal styrke tryggleiken og kvaliteten i tenestene, gjennom tilsyn, rådgiving og behandling av klager. Derfor er vi opptekne av at tilsynet endrar seg, i takt med utviklinga i samfunnet og i tenestene. Hos oss får du meiningsfulle oppgåver og dyktige og hyggelege kollegaer med bakgrunn frå helsefag, jus og samfunnsfag. 

Er du jusstudent og ønsker ein relevant deltidsjobb?  Vi ser etter to samfunnsengasjerte jusstudentar med interesse for forvaltningsrett. Stillingane er på 40 %. 

Stillingane er for tida plasserte i avdeling for tilsyns- og klagesaker i helse- og omsorgstenesta. Avdelinga har mellom anna ansvar for behandling av tilsynssaker med helsepersonell og verksemder. I tillegg er systematisering av saker, råd og rettleiing til helsepersonell og helsetenestene viktige oppgåver.

Hos oss vil du få høve til å bli kjent med faglege problemstillingar på tvers i organisasjonen og det viktige samfunnsansvaret vi har.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene er å behandla krav om innsyn i saksdokument og klager som gjeld innsyn.

Det kan også bli knytt andre oppgåver til stillinga.

Arbeidet blir utført på dagtid, men vi er fleksible slik at arbeidet kan kombinerast med studia.

Kvalifikasjoner (overskrift)

Nødvendige kvalifikasjonskrav

  • Du må vera masterstudent i rettsvitskap og helst ha gjennomført emnet i forvaltningsrett
  • Søkarar som har minst to år igjen av studiet vil bli prioritert
  • Det vil bli lagd stor vekt på at dei som blir tilsett er personleg eigna. 

 

Ønskte kvalifikasjonar

  • Relevant arbeidserfaring

Personlege eigenskapar

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne og svært god forståing av komplekse tekstar 
  • Gode samarbeidsevner
  • Fleksibel
  • Strukturert og nøyaktig
  • Effektiv
  • Gode IKT-/digitale ferdigheiter

Vi tilbyr

Stillinga er plassert i stillingskode som førstekonsulent (kode 1408) og blir lønna i lønnstrinn 45/kr 466 600 (100 %). Frå lønna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

Vi er ca. 140 medarbeidarar som held til midt i Oslo. Vi har kantine, sykkelgarasje og eige trimrom. Statens helsetilsyn har fleksibel arbeidstid (jf. særavtale om fleksibel arbeidstid i staten), og sommar- og vintertid.

Mangfald er viktig i Statens helsetilsyn. Vi ønsker at kvalifiserte kandidatar søker jobb hos oss uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, hol i CV-en, etnisk eller nasjonal bakgrunn. Vi oppmodar søkarar til å kryssa av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Du kan lesa meir om positiv særbehandling her: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.

Vitnemål og attestar skal leggjast ved søknaden. Tilgang til vitnemålsportalen vil bli etterspurt for kandidatar som er aktuelle for stillinga.

Opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkarlista jf. offentleglova § 25.

Kontaktinformasjon

Eli Hanasand, Underdirektør, 21529938, eha@helsetilsynet.no

Arbeidssted

Møllergata 24
0179 Oslo

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Statens helsetilsyn

Referansenr.: 4862543257
Stillingsprosent: 40%
Fast
Søknadsfrist: 10.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Avdeling for tilsyns- og klagesaker i helse- og omsorgstenesta, Statens helsetilsyn orgnr:
Kort om arbeidsgiver Statens helsetilsyn har det overordnede ansvaret for det faglige tilsynet med sosiale tjenester i Nav, barneverns-, helse- og omsorgstjenesten. Tilsynet blir utført av fylkesmannen i hvert fylke. Statens helsetilsyn skal utvikle tilsynsvirksomheten og drive kompetanseoppbygging. Videre skal vi medvirke til at erfaringer fra tilsyn blir gjort tilgjengelig for de politiske oppdragsgiverne, for de som har ansvar for tjenestene og personellet der, for brukere av tjenestene og for befolkningen.
Webside http://www.helsetilsynet.no
Bransje Håndverkere
Yrke Elektriker/elektro
Sted OSLO (Adresse: Møllergata 24 Postnr: 0179)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 2
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 10-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e134f607-e592-4ff7-8749-df9347b0ca51
IMPORTAPI