Dekan ved Det medisinske fakultet – Universitetet i Bergen
Education Ledere av undervisning og utdanning(1 måned siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 16-10-2024
Deadline: 15-12-2024
Dekan ved Det medisinske fakultet
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsstad.
Vil du vere med å forme framtida? Vi leitar etter deg som er ein samlande og framtidsretta leiar, med stor fagleg tyngde og gode leiareigenskapar.
Dekan ved Det medisinske fakultet
Ved Det medisinske fakultet er det ledig stilling som dekan (åremålstilsetjing) for ein periode frå 01.08.2025 til 31.07.2029.
Det medisinske fakultet sitt samfunnsoppdrag er å levere godt skulerte helsearbeidarar og forsking som bidreg til betre helse. Gjennom formidling av evidensbasert kunnskap skal fakultetet vere synleg i tufta på tradisjonelle universitetsverdiar som kunnskapen sin eigenverdi, akademisk fridom, fagleg autonomi og fri meiningsbryting. Fakultetet har om lag 1 300 tilsette, fem institutt og to senter for framifrå forsking. Fakultetet har om lag 2 200 studentar og vel 500 ph.d. kandidatar. I 2024 forvaltar fakultetet eit grunnbudsjett på omlag 720 millionar kroner, samt eksternt finansiert aktivitet for om lag 400 millionar kroner. Du finn nærare informasjon om Det medisinske fakultet her.
Dekanen skal stimulere til framifrå faglege resultat, at fakultetet er konkurransedyktig når det gjeld ekstern finansiering og er ein attraktiv arbeids- og studiestad.
Dekanen er den øvste leiaren ved fakultetet, med ansvar for fakultetet si samla verksemd og representerer fakultetet eksternt. Dekanen rapporterer til rektor og er med i rektor si leiargruppe. Dekanen er ansvarleg for fakultetet si samla ressursforvalting, har budsjettansvar og det overordna HMS-ansvaret for fakultetet sine tilsette.
Dekanen er næraste overordna for fakultetsdirektøren og instituttleiarane ved fakultetet.
Arbeidsoppgåver:
- utvikle og implementere fakultetet si verksemd i tråd med UiB sin strategi
- bidra til universitetet sitt strategiske arbeid og sørgje for at fakultetet har oppdaterte strategiar og handlingsplanar
- leie og utvikle verksemda ved fakultetet med konsentrasjon om kjerneoppgåvene, med vekt på kvalitet i forsking, utdanning, innovasjon og formidling
- vere sekretær for fakultetsstyret og førebu saker i samråd med ekstern styreleiar
- skape ein positiv og involverande organisasjonskultur og sikre at både studentar og tilsette har eit trygt, inkluderande og stimulerande fag- og arbeidsmiljø
- ha god kontakt med instituttleiarar og fagmiljøa ved fakultetet
- sørgje for veleigna tekniske og administrative tenester og for effektiv drift av fakultetet
- representere og posisjonere fakultetet og fremje internt og eksternt samarbeid
- vere øvste arbeidsgjevaransvarleg, ivareta medbestemming og sikre at tilsette vert høyrt
Vi søkjer ein person som har:
- vitskapleg kompetanse på professornivå innanfor eit av fagområda ved fakultetet
- god innsikt i forskings- og utdanningspolitikk, både nasjonalt og internasjonalt
- visjonar for fakultetet si utvikling
- leiarerfaring frå universitetsnivå og som kan vise til gode resultat
- god innsikt i kunnskapsorganisasjonar og krava som vert stilt til administrative tenester og god økonomistyring
- ein motiverande og inkluderande leiarstil prega av samarbeid, medverknad og dialog
- evner til å skape tillit og byggje nettverk internt og eksternt
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagde. Forvaltningsspråket ved universitetet er i hovudsak norsk, og det er eit krav at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller anna skandinavisk språk.
Vi tilbyr:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- Dekanen vert tilsett i åremål i fire år, frå 1. august 2025 eller etter avtale. Stillinga er plassert i kode 1474 – dekan. Løna vert fastsett etter avtale.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Rektor Margareth Hagen, tlf. nr. 55 58 20 02, mobil nr. 416 19 662, HR-direktør Kathrine Brosvik Thorsen, tlf. nr. 55 58 21 31, mobil nr. 415 57 571.
Om den som vert tilsett er ein ekstern søkjar, vil vedkomande bli vurdert for tilsetjing som professor i fagområdet sitt etter at åremålsperioden som dekan er ute.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen arbeider målretta for auka likestilling og legg vekt på kjønnsbalanse og mangfald i leiargruppene. Kunnskap om og resultat frå aktivt likestillings- og mangfaldsarbeid blir tillagt vekt ved rekruttering av leiarar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Universitetet i Bergen orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad. Universitetsdirektøren er øvste leiar av den administrative verksemd ved universitetet. Direktøren er tilsett av universitetsstyret, og er sekretær for styret. |
Webside | https://www.uib.no/om/84775/ledige-stillinger-ved-uib |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Ledere av undervisning og utdanning |
Sted | BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 28 Postnr: 5009) |
Stillingstype | Åremål Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 15-12-2024 |