COOP Prix Svelgen søkjer tilkallingshjelp – Coop Nordvest SA
Sales, retail and retail trade Salg butikk og varehandel(1 uke siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 13-11-2024
Deadline: 13-12-2024
COOP Prix Svelgen søkjer tilkallingshjelp
Vi søkjer ein engasjert og blid medarbeidar som likar ein utfordrande og variert arbeidsdag, du må vere fylt 18 år. Du er oppteken av å gje god service, og bidreg aktivt til at kundane våre trivst. Som tilkallingshjelp har du høve til å stille på kort varsel ved uventa fråvær i butikken, eller i høgsesongar og under ferieavvikling.
Arbeidsoppgåver
- Kundebehandling
- Kasse
- Varemottak / vareplassering
- Førefallande reinhald og rydding
Våre forventningar til deg: Du er hjelpsam og imøtekommande, og trivst med sal og kundebehandling. Du jobbar effektivt og målretta, kan vere fleksibel, og jobbar godt både sjølvstendig og i team. Det er viktig for oss at du medverkar til eit godt arbeidsmiljø i butikken og trivsel for kundane våre.
Vi kan tilby varierte arbeidsoppgåver og ordna tariffbaserte løns- og arbeidstilhøve. Du får nødvendig opplæring og ytterlegare kompetanseheving gjennom våre e-læringskurs. Du blir medlem av vår innskotsbaserte pensjonsordning med eigensparing, og er dekka av våre forsikringsavtaler. Vi har rabattavtaler for tilsette.
Spørsmål om stillinga kan rettast til butikksjef Irene Storøy
Søknad og CV registrerast digitalt.
Søknadsfrist: 25.November 2024
DIVERSE INFO