Controllar – Økonomi- og finansavdelinga, Helse Bergen

Kontor og økonomi Okonomi statistikk og regnskap

(2 dager siden)

  • BERGEN
  •  Lagt til dato: 30. oktober 2024
  •  Expire date: 17. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 30-10-2024
Deadline: 17-11-2024

 

Controllar

Vil du vere med og sikre god økonomi- og ressursstyring ved Haukeland universitetssjukehus?   

Helse Bergen søker ny controllar i fast stilling. Vi er på jakt etter deg som er sterk i økonomifaget, har gode analytiske evner og som samtidig likar å arbeide tverrfagleg. Du får ein spennande jobb med stor samfunnsnyttig verdi.
 
Som controllar ved Haukeland universitetssjukehus møter du ein fleksibel arbeidsgivar, eit triveleg arbeidsmiljø og eit kompetent fagmiljø. Du må kunne arbeide sjølvstendig, meistre å bli tildelt ansvar og trivast med å lære nye ting. Ein controllar følgjer opp økonomien for ei eller fleire einingar på sjukehuset, der økonomien per eining kan variere mellom kr 50 mill – 1,2 mrd. I arbeidskvardagen har ein både stor autonomi og er ein del av eit solid fagmiljø på eit av dei største sjukehusa i landet.

Som tilsett i Seksjon for økonomistyring er du ein sentral bidragsytar for å sikre best mogleg ressursutnytting innanfor dei økonomiske rammene som er tilgjengeleg for sjukehuset. Dette inneber planlegging og budsjettering, løpande oppfølging og rapportering, analysar og utgreiingsarbeid. Vi er nærare 30 tilsette økonomar i seksjonen.  

Arbeidsoppgåver

Du vil i hovudsak ha økonomioppfølgingsansvar for ei eller fleire einingar på sjukehuset.

Oppgåver vil vere:

  • I samarbeid med leiinga ansvarleg for å koordinere og gjennomføre budsjett- og tilhøyrande planprosess
  • Budsjettarbeid, analyse, oppfølging og rapportering av økonomi, bemanning og aktivitet
  • Identifisering av avvik og moglege tiltak, samt utarbeide beslutningsgrunnlag for leiar
  • Støtte leiinga med økonomifagleg rådgiving og analyse
  • Oppfølging av rekneskapsutvikling saman med leiarar

Kvalifikasjonar

  • Økonomisk utdanning på høgare nivå, fortrinnsvis mastergrad
  • God kompetanse i bruk av elektroniske styringsverktøy og excel
  • Fordel med erfaring med samarbeid og rådgiving på tvers av fagtilhøyrsel

Personlege eigenskapar

  • Du må vere sjølvgåande, fleksibel og proaktiv med gode relasjons- og samarbeidsevner
  • God til å kommunisere, utfordre og motivere
  • Evne å omsette analysar til praktiske råd og tiltak
  • Du jobbar systematisk, nøyaktig og strukturert
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Kunne prioritere og evne å sjå kva som er vesentleg og viktig

Vi tilbyr

  • Konkurransedyktige vilkår i ein utviklingsorientert organisasjon
  • Spennande, viktige og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Stort og godt fagmiljø
  • Triveleg arbeidsmiljø

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter,
der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Janne Sund, Seksjonsleiar, 97516743, janne.sund@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4879093251
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Økonomi- og finansavdelinga, Helse Bergen orgnr: 974557746
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Økonomi, statistikk og regnskap
Sted BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 17-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d524119d-e913-44b1-876a-515e38e48c6c
IMPORTAPI