Stillingsbeskrivelse

Published 10-07-2024
Deadline: 15-08-2024

 

Byggjeleiar Vik helse- og omsorgssenter

Om Vik kommune

Vik kommune har omlag 2560 innbyggjarar. Hovudnæringane er landbruk og industri, i tillegg til reiseliv og andre tenesteytande næringar. Vik ligg ved innfallsporten til Stølsheimen landskapsvernområde og er ein av fire vertskommunar for Nærøyfjorden verdsarvområde. Kommunen er elles kjend for eit rikt organisasjonsliv med gode og varierte tenestetilbod.

Me har ledig

100 % engasjement som byggjeleiar for byggjeprosjektet Vik helse- og omsorgssenter fram til og med 30.6.2026. Stillinga er plassert i kommunedirektøren sin stab. Vik helse- og omsorgssenter er Vik kommune sitt største byggeprosjekt nokon gong, og skal etter planen vera ferdig våren 2026. Vik kommune ønskjer no å forsterke oppfølginga av prosjektet med byggjeleiar.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeide saman med prosjektleiar med dagleg oppfølging av prosjektet.

  • Delta i oppfølging av kontraktane med hovudentreprenøren og sideentreprenørane.

  • Dialog med, og oppfølging av dei tekniske rådgivarane i prosjektet.

Kvalifikasjonskrav

  • Relevant utdanning frå teknisk fagskule, høgskule eller universitet.

  • God kjennskap til og erfaring med kontraktar som byggjer på NS 8405.

  • God kjennskap til og erfaring med NS 3420.

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

  • Evne til å arbeida sjølvstendig og systematisk.

  • Gode datakunnskapar og systemforståing.

  • Positiv, handlekraftig og engasjert.

  • Ynskje om å bidra til eit godt arbeidsmiljø.

Me tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø.

  • Fleksibel arbeidstid.

Løns- og tilsetjingsvilkår

Løns- og tilsetjingsvilkår etter kommunalt avtaleverk. Kommunen har gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Andre opplysningar

Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal stå på offentleg søkjarliste, må du grunngje dette i søknaden. Me gjer merksam på at opplysningane kan bli offentleggjort sjølv om du ber om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Me vil i tilfelle varsla deg på førehand. Jamfør offentleglova §25.

Søknadsfrist og søknadsprosedyre

Søknadsfristen er 15.8.2024. Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vik Kommune Sentraladministrasjon orgnr: 974554569
Kort om arbeidsgiver

Vik kommune er ein stor arbeidsplass med omlag 270 årsverk fordelt på 330 tilsette og eit brutto driftsbudsjett på 330 mill.kr. Tenestemålet er nynorsk.

Webside https://www.vik.kommune.no/
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Arbeidsleder, bygg og anlegg
Sted VIK I SOGN (Adresse: Fjordavegen 1 Postnr: 6893)
Stillingstype Engasjement Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 15-08-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/78776de1-e588-4cd3-a74e-7bd95cfdf1e7
Stillingsregistrering