Byggesakshandsamar – Ørsta kommune, Plan, byggesak og oppmåling

Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare

(23 timer siden)

  • ØRSTA
  •  Lagt til dato: 17. oktober 2024
  •  Expire date: 5. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 17-10-2024
Deadline: 05-11-2024

 

Byggesakshandsamar

Ørsta kommune har ledig ei fast stilling som byggesakshandsamar.

Byggesaksavdelinga ligg til tenesteområdet plan, byggesak og oppmåling. Avdelinga har m.a. ansvar for kart, oppmåling, byggesakshandsaming, tilsyn, planarbeid og  rettleiing. Avdelinga er organisert med tenesteleiar, og er knytt til kommunalområdet teknisk, eigedom og landbruk.

Stillinga inngår i eit team med tre sakshandsamarar, og har tett samarbeid med heile avdelinga. I tillegg vil både intern og ekstern samhandling vere ein viktig del av arbeidskvardagen. Som byggesakshandsamar vil du delta i byggesaksforum for Søre Sunnmøre og på andre aktuelle arenaer for kompetansedeling og fagleg utvikling. Det vil vere forventa at ein både kan arbeide sjølvstendig og i team. Dette er ei flott moglegheit til å bidra til ei positiv utvikling i kommunen ved å sikre at små og store byggeprosjekt fyl gjeldande regelverk og planer.

Kommunen er i stadig utvikling som betyr at byggesakshandsamarane får bryne seg på alt frå vanlige bolighus til større prosjekt.

Tenestestad er Ørsta rådhus i kontorfellesskap for plan-, byggesak- og oppmålingsavdelinga.

Arbeidsoppgåver

  • Handsaming av byggesaker, dispensasjoner og klager
  • Gi rettleiing om regelverket og søknadsprosessen for byggesaker
  • Handsaming av utsleppsløyve
  • Aktiv bruk av bygningsarkiv for historiske dokument knytta til bygg
  • Matrikkelføring
  • Undersøke og følge opp ulovlige forhold etter plan- og bygningslova, ofte basert på tips
  • Utføre dokumenttilsyn og tilsyn, innvendig og utvendig, i bygg og på byggeplasser
  • Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå universitet, høgskule eller fagskule
  • Bakgrunn som jurist, arkitekt, rådgivar, ingeniør eller andre relevante yrker er ein føremon
  • Erfaring fra byggesaksbehandling, kommunal saksbehandling eller fra bygge-/anleggs prosjektering i privat sektor vil vere ein fordel og kan vege opp for manglande utdanning.
  • Kjennskap til plan- og bygningslova, anna aktuelt regelverk og rettleiarar vil vere ein fordel
  • God digital kompetanse
  • God norsk muntleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon

 Førarkort klasse B er ønskeleg

    Personlege eigenskapar

    • Du er positiv og lærevilleg
    • Du er strukturert og systematisk
    • Du er løysingsorientert
    • Du er serviceinnstilt
    • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
    • Du har ei fleksibel haldning til arbeidsoppgåver og organisering

    Vi tilbyr

    • Eit godt arbeidsmiljø i eit nyoppussa kontorlandskap
    • Eit arbeidsmiljø med både nyutdanna medarbeidarar og medarbeidarar med lang erfaring, samt god alders- og kjønnsfordeling
    • Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver
    • Fleksibel arbeidstid
    • Gode faglege utviklingsmoglegheiter med formål om å gi ei betre og meir effektiv teneste
    • Gode pensjons– og forsikringsordningar for tilsette i KLP

    Stillinga vert plassert i kap. 4 eller 5 i HTA ut i frå formell kompetanse.

    Stillingskode og lønsplassering vert fastsett etter kvalifikasjon og avtale ved tilsetting.

    Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.

    Personlege eigenskapar vert vektlagde i ei heilskapleg vurdering av søkjarane.

    Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.

    Dokumentasjon
    Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.  Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn.  Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til søknaden din. 
    Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid. 

    Om offentleglova 
    I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

    Kontaktinformasjon

    Johnny Saure Riise, Tenesteleiar plan byggesak og oppmåling, 41 23 52 93, johnny.riise@orsta.kommune.no

    Arbeidsstad

    Dalevegen 6
    6153 Ørsta

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Ørsta kommune

    Referansenr.: 4872481194
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Startdato: 01.01.2025
    Søknadsfrist: 05.11.2024

     

     

    DIVERSE INFO

    Arbeidsgiver Ørsta kommune, Plan, byggesak og oppmåling orgnr:
    Kort om arbeidsgiver


    Ørsta
    kommune er med  om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
    næringsliv. Den gode geografiske plasseringa
    vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
    næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
    og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
    daglege direkteruter til Oslo og Bergen.


    Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:

    Tillit – gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
    Energi – gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
    Løysingsvilje – gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

    Utvikling – gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

    Webside https://www.orsta.kommune.no/arbeid/
    Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
    Yrke Ikke identifiserbare
    Sted ØRSTA (Adresse: Dalevegen 6 Postnr: 6153)
    Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
    Sektor Offentlig
    Krav Høyere utdanning
    Tiltredelse 01-01-2025
    Søknadsfrist 05-11-2024


    Kilde: NAV stillingsannonser
    https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6b1d2e0e-8a3e-44eb-b304-bd0def15ceb2
    IMPORTAPI