Byggesakshandsamar, 100 % fast – Tysnes Kommune
(5 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 25-03-2025
Deadline: 21-04-2025
Byggesakshandsamar, 100 % fast
Vil du ha ein variert arbeidskvardag innan sakshandsaming etter plan- og bygningslova?
Tysnes kommune søker ein engasjert og dyktig medarbeidar til stilling som byggesakshandsamar. Stillinga høyrer til under teknisk etat og rapporterer til kommunalsjef teknisk.
Du får varierte og spennande oppgåver innan byggesakshandsaming og blir ein viktig bidragsytar i utviklinga av kommunen. Arbeidet omfattar mellom anna sakshandsaming etter plan- og bygningslova og tilhøyrande regelverk, samt rettleiing til innbyggjarar, næringsliv og andre aktørar.
Teknisk etat består av byggesak, kart- og oppmåling, prosjekt og tel i dag seks tilsette. Me har eit godt arbeidsmiljø prega av engasjement, fagleg interesse og vilje til å finna dei beste løysingane.
Arbeidsoppgåver
- Sakshandsaming etter plan- og bygningslova.
- Tilsyn, ulovlegheitsoppfølging og vedtakshandsaming.
- Rettleiing og rådgjeving til søkjarar, tiltakshavarar og samarbeidspartnarar.
- Andre relevante oppgåver kan påreknast
Kvalifikasjonar
For å lykkas i denne stillinga, ser me etter ein person med:
- Relevant høgare utdanning (minimum bachelorgrad) innan byggfag, ingeniørfag, arkitektur, jus eller tilsvarande
- Kjennskap til plan- og bygningslova og tilhøyrande forskrifter.
- Gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg – kommunen nyttar nynorsk som målform
- Erfaring frå offentleg forvaltning og byggjesakshandsaming.
- God digital kompetanse og erfaring med sakshandsamingssystem
- Førarkort klasse B.
Me legg stor vekt på søkjaren si samla kompetanse og personlege eigenskapar.
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- arbeidar sjølvstendig og strukturert.
- har gode samarbeidsevner.
- er utviklingsorientert og har vilje til endring og kunnskapsdeling.
- har interesse for samfunnsutvikling og evne til å levera innan gitte fristar.
- har god evne til å kommunisera og skapa god dialog med utbyggjarar, næringsliv og privatpersonar.
Kvifor skal du jobba hos oss?
Blir du motivert av ein variert arbeidskvardag med både små og store prosjekt som påverkar lokalsamfunnet? Då trur vi du vil trivast hos oss!
Hos oss får du jobba tett med kompetente kollegaer på tvers av fagområde i eit arbeidsmiljø som fremjar læring og deling. Du blir tilsett som byggesakshandsamar. Stillinga er løna etter avtale i kapittel 5, med årleg lønsregulering gjennom lokale forhandlingar.
Du blir medlem i KLP – Kommunal Landspensjonskasse – som har blant landets beste pensjonsvilkår og høve til gunstig bustadlån.
Me tilbyr fleksibel arbeidstid og høve til heimekontor ved behov, men ynskjer hovudsakleg tilstadeverande arbeid på kontoret for å sikre samarbeid og god informasjonsflyt.
Har du spørsmål, eller vil du høyra meir før du søkjer? Ta gjerne kontakt med kontaktperson som er oppførte i annonsa.
Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegla mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å legga til rette for inkluderande rekruttering.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Tysnes Kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes! Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i! Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør. Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er opptekne av å skapa gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu. |
Webside | https://www.tysnes.kommune.no/ |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | UGGDAL (Adresse: Uggdalsvegen 301 Postnr: 5685) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 21-04-2025 |