Byggeleiar vegutbedringsprosjekt – Statens vegvesen

Construction Arbeidsleder bygg og anlegg

(10 timer siden)

  • HAUGESUND
  •  Lagt til dato: 9. januar 2025
  •  Expire date: 27. januar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 09-01-2025
Deadline: 27-01-2025

 

Byggeleiar vegutbedringsprosjekt

Om stillinga

Stillinga er plassert i seksjon Plan og utbygging vest 2. Seksjonen har ansvar for å planlegga og gjennomføra vegprosjekt på riksvegnettet i vårt geografiske område. 

Me tilbyr eit sterkt fagmiljø med spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø. Seksjonen har eit variert spenn i type prosjekt knyta til utbetring og nybygging på/ langs eksisterande riks- og europavegnett.

Kontorstad for stillinga er Haugesund.

 

Arbeidsoppgåver

Prosjekta vil hovudsakleg vera langs E39, E134 og rv.13 i Nord-Rogaland. Du vil som byggeleiar bli involvert i prosjekt både i planleggings-, prosjekterings- og byggefase. Byggeleiar arbeider tett saman med andre interne i prosjekta og med ulike entreprenørar. Stillinga medfører behov for kontakt ut mot eksterne som har interesser i det arbeidet me gjer. 

Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:

  • følga opp kontrakt med entreprenør og ha dagleg dialog
  • styra byggemøte, skriva referat og vera ute på anleggsplassen
  • utarbeida konkurransegrunnlag og planar for nye prosjekt
  • utarbeida kostnadsoverslag for prosjekt, både i plan- og byggefase
  • rapportera og følgja opp økonomi, kvalitet og framdrift
  • delta aktivt i HMS-arbeidet
  • bidra med anleggskompetanse inn i prosjekt i plan- og prosjekteringsfase

Kompetansekrav

Me ser etter deg som har minimum treårig relevant utdanning på universitets-/ høgskulenivå. Omfattande og relevant erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensera for manglande formell utdanning.

Det er krav om førarkort klasse B. 

Me ynskjer at du har brei og god erfaring med bygg- og anleggsarbeid, gjerne også konstruksjon. 

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber me om ei autorisert oversetting av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).

Kven er du?

  • du har interesse for – og engasjement innan – bygging og vedlikehald av veg
  • du har interesse og engasjement for bruk av digitale arbeidsverktøy 
  • du er sjølvstendig og har stor gjennomføringskraft
  • du samarbeider godt med andre
  • du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne 
  • du tek initiativ og er løysingsorientert

Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta «Utdanning» og «Arbeidserfaring» og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Kontakt fung. seksjonssjef Geir Lorens Jørgensen på telefon 950 72 101.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Statens vegvesen orgnr: 924692960
Kort om arbeidsgiver

Statens vegvesen fører an i utviklinga av eit framtidsretta, effektivt, miljøvennleg og trygt transportsystem. Vi byggjer, driftar og held ved like riksvegane i landet, og vi tar vare på heilskapen gjennom det nasjonale ansvaret vårt for beredskap på veg, og ved utvikling av eit tydeleg regelverk og standardar for alle.Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tenester sikrar vi trafikantane og næringslivet ein tryggare, enklare og grønare reisekvardag.

Verksemda vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjonar.

 

Noko av det viktigaste vi gjer for samfunnet og miljøet er å ta vare på det vegnettet vi allereie har. I divisjon Drift og vedlikehold har vi ansvaret for heilårsdrift av riksvegane, inkludert ferjer. Vi vedlikeheld og utviklar vegnettet, og planlegg og gjennomfører utbetringsprosjekt. Drift og vedlikehald har rundt 880 medarbeidar over heile landet, og ein årleg omsetnad på om lag 16 milliardar kroner.

Webside https://www.vegvesen.no/om-oss/jobb/
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Arbeidsleder, bygg og anlegg
Sted HAUGESUND (Adresse: Rennesøygata 16 Postnr: 5537)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 27-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/717e5989-2b71-4838-af83-db25913fda9f
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/273362