Bygg vår HR-avdeling for sjø med fokus på rekruttering – Klar for utfordringa? – Fjord1 AS
Industri og produksjon Arbeidsleder industri(3 uker siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 02-03-2025
Deadline: 31-03-2025
Bygg vår HR-avdeling for sjø med fokus på rekruttering – Klar for utfordringa?
Er du klar for ei spennande utfordring og vil vere med på å utvikle rekrutteringsarbeidet vårt på sjø? I Fjord1 får du moglegheita til å forme rekrutteringsstrategien vår, bygge opp eit heilt nytt team og vere ein viktig pådrivar i vår satsing på grønn og innovativ sjøtransport.
Fjord1 er ein verdsleiande aktør innan det grøne skiftet. Over halvparten av våre fartøy er elektriske, og vi er i gang med å utvikle verdas første sjølvgåande ferjer. Vi er moderne, ambisiøse og langt frå kjedelige! Nå treng vi ein leiar som kan bidra til å forme HR-strategiar og utvikle ein ny avdeling som vil spele ei sentral rolle i å tiltrekke dei beste talenta til sjø.
Som HR-leiar sjø får du ansvar for mykje meir enn berre rekruttering. Du skal leie eit team, utvikle arbeidsprosesser og skape ein kultur som legg til rette for at Fjord1 skal fortsette å vere ein attraktiv arbeidsgivar for dei beste talenta på sjø. Dette er ei spennande og variert stilling der du får vere med på å byggje noko nytt frå grunnen av, i eit selskap som er leiande på både grøne initiativ og påliteleg transport.
Som leiar for HR-sjø avdelinga vil du:
- Leie utviklinga av ein heildigital rekrutteringsstrategi for sjø
- Bygge opp og leie eit rekrutteringsteam som skal rekruttere dei beste sjøfolka
- Skape innovative rekrutteringskampanjar og implementere arbeidsprosesser som møter både dagens og framtidas behov for sjøtilsette
- Være ein viktig samarbeidspartnar for fagforeiningar sjø og ansvarleg for utviklinga av arbeidstidsordningar og lokale tariffavtalar
- Representere arbeidsgjevar i forhandlingar med fagforeiningar sjø
- Vere med på å utvikle Fjord1 som ein moderne arbeidsgivar som er i front på det grøne skiftet
Du vil rapportere til Driftsdirektør André Høyset
Kva kan du forvente?
Som leiar for HR sjø får du moglegheita til å forme HR-strategiar for sjø på ein heilt ny måte. Du vil få stor innverknad på korleis vi tiltrekker, utviklar og behaldar dei beste sjøfolka, og du vil vere ein del av ein innovativ organisasjon som ligg i front på det grøne skiftet.
Vi ønsker oss eit team som heier på kvarandre, der er det er høgt under taket. Du vil få fleksible arbeidsordningar som gjer det lett å balansere jobb og fritid, og du vil ha rike moglegheiter for fagleg utvikling. På fredagane steiker vi vaflar i kantina (nei, ikkje sveler!), som du kan kose deg med i lag med gode kollegaer – den perfekte starten på helga!
I Fjord1 får du også tilgang til gode velferdsordningar, som moglegheita til å leige hytter og leilegheiter, samt attraktive rabattordningar som gir deg ekstra verdi i kvardagen.
Vårt arbeidsmiljø
Fjord1 er ein stad der du vil kjenne deg heime. Vi har eit ope, raust og inkluderande arbeidsmiljø der samarbeid og trivsel står i sentrum. Her er det høgt under taket, og vi er opptatt av at du skal trivast både på jobb og i livet generelt. Vi tilbyr fleksible arbeidsordningar som gjer det enkelt å balansere jobb og fritid, samt rike moglegheiter for fagleg utvikling. På fredagane steiker vi vaflar i kantina (nei ikkje sveler!), som du kan kose deg med i lag med gode kollegaer – det er den perfekte starten på helga!
I Fjord1 får du og tilgang til gode velferdsordningar, som moglegheita til å leige hytter og leilegheiter, samt attraktive rabattordningar som gir deg ekstra verdi i kvardagen.
Kva ser vi etter?
Vi ser etter deg som er ein leiar med solid erfaring frå rekruttering og HR-prosessar, og som har evne til å skape gode team og utvikle strategiar som støttar opp under våre ambisiøse mål. Du har erfaring frå utviklingsprosessar og kan drive omstilling med eit langsiktig perspektiv. Du er ein relasjonsbyggjar som skapar tillit, både internt og eksternt, og du har ei evne til å tilpasse deg ulike situasjonar på ein effektiv måte.
Erfaring frå rekruttering i maritime miljø, kjennskap til skipsarbeidarloven og tariffar vil vere ein fordel, men viktigast er at du har ei ekte interesse for sjøtransport og dei grøne og innovative løysingane vi jobbar med. Vi ser etter deg som har ein open, inkluderande leiarstil og som trives med å arbeide strategisk samtidig som du har god kontroll på operasjonelle detaljar.
Du har eit sterkt engasjement for å utvikle både medarbeidarar og organisasjonen, og du er ein pådrivar for ein kultur der trivsel og samarbeid er i høgsetet. Vi trur at du vil vere ein motivert og inspirerande leiar for teamet vårt, og at du vil bidra til å bygge eit HR-miljø som støttar opp om vår visjon og verdiane våre.
Vi verdset mangfald og inkludering
Vi veit at eit mangfald av perspektiv og erfaringar gjer oss sterkare. Vi ønskjer kollegaer med ulike bakgrunnar, kompetansar og livserfaringar, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Våre kontorlokaler er universelt utforma, slik at du kan trivast og jobbe godt uavhengig av behov eller funksjonsevne. Her hos oss handlar det om kva du kan bidra med, ikkje kvar du kjem frå.
Er du klar for å bli ein del av Fjord1?
Dette er ein unik moglegheit til å byggje opp ei rekrutteringsavdeling frå grunnen av, og bidra til å bygge eit selskap som ligg i front av det grøne skiftet. Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår, fleksible arbeidsordningar og ein arbeidsplass der trivsel og fagleg utvikling er i fokus.
Arbeidsstad er på hovedkontoret i Florø, men vi har og kontor i Bergen og i Molde, og teamet ditt vil truleg vere spredt på dei ulike kontora.
Lest så langt og kjenner at dette er noko for deg? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Har du ikkje CVen klar? Det går heilt fint, ta kontakt med oss for ein prat uansett!
Kontaktinformasjon
Regine Gausemel, HR rådgjevar, +47 95440058, regine.gausemel@fjord1.no
Andre Høyset, Driftsdirektør, 91520807, andre.hoyset@fjord1.no
Arbeidsstad
Strandavegen 15
6905 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 4930412200
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.03.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Fjord1 AS orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver | Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.
Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy. Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane. Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet. |
Webside | http://www.fjord1.no |
Bransje | Industri og produksjon |
Yrke | Arbeidsleder, industri |
Sted | FLORØ (Adresse: Strandavegen 15 Postnr: 6905) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Privat |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 31-03-2025 |