Stillingsbeskrivelse
Published 22-12-2024
Deadline: 12-01-2025
Butikksjef
Vil du leie Vinmonopolets største butikk?
I butikken vår på CC Vest er vi eit team med dyktige ekspeditørar som kvar dag jobbar for å sikre dei beste kundemøta. Vi søkjer no ein serviceinnstilt, inspirerande og resultatorientert butikksjef til å komplettere teamet vårt – er dette deg?
Som butikksjef har du ansvaret for å skape kundemøte i verdsklasse samtidig som du sikrar effektiv butikkdrift i tråd med Vinmonopolets mål og strategi. CC Vest er vår største butikk, og med deg på laget får du 25 dyktige medarbeidarar med høg fagleg kompetanse. Du vil utvikle og inspirere medarbeidarar, bygge eit godt arbeidsmiljø og vere ein viktig bidragsytar i vårt arbeid med ansvarlegheit og berekraft.
Dette er ein moglegheit for deg som ønskjer å leie eit engasjert team, skape eit inkluderande arbeidsmiljø og bidra til Vinmonopolets posisjon som landets leiande faghandel!
Kva kan vi tilby deg?
Vi er fyrst og fremst hyggelege og dyktige folk som har eit sterkt engasjement for faget vårt, kundane våre og samfunnsoppdraget vårt. Vi er i tillegg opptekne av å skape ein inkluderande kultur, der alle skal føle seg velkomne og kunne vere seg sjølve.
Vidare kan vi tilby:
- Ei unik leiarrolle med ansvar for Vinmonopolets største butikk.
- Eit raust, inkluderande og kompetent arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
- Gode moglegheiter for varefagleg og personleg utvikling i leiarrolla.
- Å bli del av ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag og som har berekraft høgt på agendaen.
- Konkurransedyktige lønnsvilkår og gode pensjons- og låneordningar gjennom Statens pensjonskasse.
Arbeidsoppgåvene dine vil vere:
- Dagleg drift og vidareutvikling av Vinmonopolets største butikk i tråd med gjeldande retningsliner.
- Sikre at butikken leverer i samsvar med Vinmonopolets samfunnsoppdrag, strategi og mål, slik at Vinmonopolet held fram med å vere landets leiande faghandel.
- Inspirere og utvikle medarbeidarar for å sikre høg fagleg kompetanse og servicegrad.
- Skape eit inkluderande, trygt og positivt arbeidsmiljø som motiverer til samarbeid og resultat.
- Kontinuerleg utvikling av eige leiarskap, slik at medarbeidarane våre trivst og utviklar seg i eit solid, godt og lærande arbeidsmiljø.
Ønskte kvalifikasjonar:
- Relevant utdanning og erfaring innan økonomi, service og leiing.
- Gode ferdigheiter innan planlegging, organisering og resultatoppfølging.
- Erfaring med leiing og utvikling av medarbeidarar.
- Resultatorientert, med god forretningsforståing og gjerne erfaring frå butikkdrift.
- Ein sterk interesse for kundeservice, drift og berekraftig utvikling.
- Gode digitale ferdigheiter og evne til å bruke system som støttar effektiv butikkdrift.
- Evne til å bygge sterke relasjonar og motivere teamet til å yte sitt beste.
Vi stiller høge krav til leiarane våre, og du må kunne kjenne deg igjen i leiarprinsippa våre som er: inspirere og involvere, balansere, utvikle og utfordre.
Om du i tillegg er interessert i mat og drikke, og er ivrig etter å lære meir, kan dette vere stillinga for deg.
Vil du vite meir?
Kontakt regionleiar Trond Idar Nilsen på telefon 41 61 92 03.
Søknad med CV sendast elektronisk via lenka på denne sida.
Søknadsfrist: 12. januar
Vi meiner at mangfald og inkludering er ein styrke. Du må vere over 20 år for å jobbe hos oss, men elles ønskjer vi medarbeidarar med ulik bakgrunn, kompetanse og perspektiv som kan bidra til endå betre oppgåveløysingar.
Vinmonopolet følgjer offentleglova og utarbeider søkarliste etter søknadsfrist. Tilsetjing i Vinmonopolet skjer på dei vilkåra som til kvar tid kjem fram av gjeldande lover, reglar og tariffar. Søkjarar som ber om konfidensiell handsaming, vil bli varsla før namn vert publisert.
Les meir om personvern i Vinmonopolet: https://www.vinmonopolet.no/personvern.
For teknisk støtte ved søknad, kontakt Jobbnorges kundeservice på telefon 75 54 22 20.
Bli med på laget – vi er rå på fag, stolte kvar dag og best saman som lag!
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Vinmonopolet orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vinmonopolet er det viktigaste verkemiddelet samfunnet har for ansvarleg sal av alkohol. Vi er den største vinbutikken i verda, med vel 35 000 produkt, og har einerett på sal av vin, brennevin og sterkøl. Med på laget har vi over 2 000 stolte, engasjerte og dyktige medarbeidarar, fordelte på nærmare 350 butikkar, kundesenter, netthandel og administrasjon. Vi er på jakt etter deg som vil vere med å ta vare på det gode omdømmet vårt og bidra til at vi held fram med å vere ein faghandel i verdsklasse.Dette gjer vi gjennom kundemøte prega av fagkunnskap, god service og ansvarskjensle. I tillegg vil du vere ei viktig brikke i arbeidet med å gjere Vinmonopolet til ei føregangsverksemd på berekraft. Vi skal vere rå på fag, stolte kvar dag og best saman som lag.
|
Webside | https://www.vinmonopolet.no |
Bransje | Salg og service |
Yrke | Salg, butikk- og varehandel |
Sted | OSLO (Adresse: Lilleakerveien 16 Postnr: 0283) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 12-01-2025 |