Stillingsbeskrivelse

Published 10-10-2024
Deadline: 28-10-2024

 

Bustadkonsulent – 100 % fast

Bustadkontoret er ei avdeling som består av 3 årsverk der det no er ei ledig 100 % fast stilling som bustandkonsulent. Vi søkjer ein initiativrik person med eit stort bustadsosialt engasjement, og som ønskjer å vere med å utvikle bustadkontoret vårt. Vi håper du finn stillinga interessant, og at du vil bli kollegaen vår! 

Arbeidsstad
Rådhuset, Os 

Arbeidsoppgåver

  • Sakshandsaming søknadar om kommunal bustad
  • Delta i tverrfagleg bustadgruppe
  • Forvaltning og oppfølging av portefølje av leigeforhold i kommunale bustader, inkludert prosessar ved inn- og utflytting
  • Vere kontaktperson for leigetakarar, naboar og andre interessentar
  • Ha hovudansvar for fagsystemet KOBO, samt bidra med oppgåveløysing i andre fagsystem
  • Tverrfagleg samarbeid med andre tenester i kommunen, og med eksterne samarbeidspartnarar og leverandørar
  • Andre arbeidsoppgåver som naturleg høyrer til fagområdet, for eksempel prosjektarbeid og praktisk arbeid i bustadene

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå høgskulenivå
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
  • Må kunne beherske ulike digitale plattformar
  • God munnleg og skrifteg framstillingsevne
  • Fordel med kjennskap til juridiske evner innen husleigerett
  • Førekort klasse B – bør og kunne køyra med hengar

Personlege eigenskapar
Vi søkjar deg med høg grad av evne til sjølvstendig arbeid. Du er trygg, stabil, nøyaktig og strukturert, og ikkje minst raus med kollegaer og brukarar. Vi ønskjar at du bidreg til eit godt miljø, og byggjer relasjon i både ord og handlingar. Det er supert om du er praktisk innretta og ser løysingar og ikkje problem, gjerne saman med brukarane. At du er blid og hyggeleg tek vi som sjølvsagt. 

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
  • Kjekke sosiale treffpunkt og supre kollegaer
  • Ingen like dagar, men der vi vekslar mellom kontorarbeid og praktiske oppgåver i bustader
  • Moglegheiter for heimekontor/fleksitid

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune Avdeling for forvaltning og koordinering orgnr: 989340417
Kort om arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Miljøarbeidere
Sted OS (Adresse: Rådhuset, Torggata 7 Postnr: 5200)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 28-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/24f83fd4-f960-4486-908f-4920858288c4
IMPORTAPI