Stillingsbeskrivelse
Published 23-03-2025
Deadline: 11-04-2025
Brannvernleiar tunnelar
Om stillinga
Er du klar for å bidra med spisskompetansen din? No har du høvet til å bli med oss i arbeidet med brannvern i tunnelar. Som Brannvernsleiar vil du ha ansvar for 100 tunnelar, og 5 undersjøiske, fordelt på 800 km – kvar du har ei sentral rolle i vårt samfunnsoppdrag innan trafikktryggleik og infrastruktur. Tunnelane har ei varierande lengd, utrusting og trafikkmengd.
Vegnettet består av E-39 frå Flekkefjord i Agder, gjennom Rogaland til Sandvikvåg i Vestland. E-134 frå Haugesund Lufthavn til Røldal og RV – 13 frå Røldal til Stavanger. Me har ansvar for å forvalta vegeigarskapet på riks- og europavegar, og dessutan gjennomføra mindre utbyggingsprosjekt. Nye tunnelar er i byggjefase, og fleire er planlagt i nær framtid.
Me kan tilby eit sterkt fagmiljø og spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø. Kontorstad for denne stillinga er Stavanger.
Kva skal du jobbe med?
Du vil inngå i Seksjonen drift vest 3, og bidra med tekniske avklaringar saman med tunellforvaltar, prosjektleiarar, byggjeleiarar og kontrollingeniørar i driftskontraktane. Du vil få ansvar for ein portefølje av tunnelar som er klassifisert som særskilde brannobjekt i ht. brann- og eksplosjonsvernloven. Det vil bli fleire slike brannobjekt i tida framover når tunnelar under bygging blir ferdig og opna for trafikk. Vi må difor ha ein brannvernleiar som tek vare på brannvernet for desse tunnelane. I dette ligg t.d. arbeid med tilsyn og gjennomføring av brannøvingar, samarbeid med brann-og redningsetatar.
Tunnelsikkerheit har fått auka oppmerksomheit, og temaet er godt regulert gjennom nasjonalt og internasjonalt regelverk. Statens vegvesen skal ha god kontroll på tilstanden i tunnelen, og vår brannvernleiar må bl.a. sikre at beredskapsplanar er oppdaterte. For utfyllande informasjon om korleis sikkerheitsforvaltning i vegtunnelar føregår, samt konkretisering av arbeidsoppgåver for brannvernleiar, viser vi til Handbok R511 Sikkerheitsforvaltning av vegtunnelar.
Kven er du?
Du har minimum treårig relevant utdanning frå universitet eller høgskule. Omfattande relevant erfaring kan kompensere for manglar i relevant utdanning. Relevant fagbakgrunn kan vere: tunnel, veg, sikkerheit, beredskap, risikostyring eller brannfag.
Vi vil legge vekt på personlege eigenskapar, og du må ha gode samarbeidsevner for å bidra til eit godt arbeidsmiljø og samhandling med både interne og eksterne aktørar. Du må kunne jobbe sjølvstendig og strukturert, og vere fleksibel til kva oppgåver du skal utføre. Du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, og er god på bruk av dataverktøy.
Noko reiseaktivitet tilligger stillingen sidan du må køyre bil til- og frå tunnelane. Du må difor ha førarkort klasse B.
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- fleksitid og gode ordningar for å avspasere
- god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
- moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
- gode moglegheiter for fagleg påfyll
Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Testar og bakgrunnssjekk
Vi bruker arbeidspsykologiske testar for å vurdere kandidatars eigenskapar, ferdigheiter og kvalifikasjonar for stillinga. Desse testane bidreg til å sikre ei rettferdig og objektiv vurdering av alle kandidatar, og dei hjelper oss med å finne den mest kvalifiserte personen for stillinga. Vi bruker også bakgrunnssjekk på utvalde stillingar for å verifisere og søkje etter informasjon som kan ha noko å seie for rekrutteringsprosessen.
Positiv særbehandling
Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer ein inkluderande arbeidsplass. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkja. Kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn vil få moglegheit for positiv særbehandling. Les meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.
Har du spørsmål om stillinga?
Kontakt leiar Morten Arne Hage på telefon, 95128363
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Statens vegvesen orgnr: 974736071 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Statens vegvesen fører an i utviklinga av eit framtidsretta, effektivt, miljøvennleg og trygt transportsystem. Vi byggjer, driftar og held ved like riksvegane i landet, og vi tar vare på heilskapen gjennom det nasjonale ansvaret vårt for beredskap på veg, og ved utvikling av eit tydeleg regelverk og standardar for alle.Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tenester sikrar vi trafikantane og næringslivet ein tryggare, enklare og grønare reisekvardag. Verksemda vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjonar. Noko av det viktigaste vi gjer for samfunnet og miljøet er å ta vare på det vegnettet vi allereie har. I divisjon Drift og vedlikehald har vi ansvaret for løpande heilårleg drift av riksvegane, inkludert ferje. Vi er ein digital, kompetent og profesjonell vegeigar som tek vare på og utviklar riksvegane. Drift og vedlikehald har rundt 900 medarbeidarar over heile landet, og ei årleg omsetning på om lag 17 milliardar kroner. Les meir om divisjon Drift og vedlikehald her |
Webside | https://www.vegvesen.no/om-oss/jobb/ |
Bransje | Bygg og anlegg |
Yrke | Ingeniør bygg |
Sted | STAVANGER (Adresse: Bergelandsgata 30 Postnr: 4012) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 11-04-2025 |