Stillingsbeskrivelse

Published 23-10-2024
Deadline: 10-11-2024

 

Brannkonstablar – deltid

Brannvesenet i Gloppen er organisert som eit deltidskorps med stasjonar på Sandane, Byrkjelo og Hyen.

Brannstasjonen på Sandane er samlokalisert med politiet i blålysbygget som ligg i Mona Industriområde med adresse Industrivegen 24.

Brannstasjonen i Breim ligg på Byrkjelo med adresse  Breimsvegen1803

Brannstasjonen i Hyen ligg på Straume med adresse Hyevegen 1972.

Vi har ledig ei stilling som deltidskonstabel ved stasjonen på Byrkjelo og ei stilling i Hyen frå 01.01.25

Skriv i søknaden kva brannstasjon du søkjer stilling ved.

Arbeidsoppgåver

  • Innsatsstyrke i brannkorpset ved brannutrykking, trafikkulykker og andre hendingar.
  • Deltaking på øvingar etter oppsett øvingsplan. Øvingane er stort sett på kveldstid frå kl 18 til 20, og utgjer omlag 20 øvingstimar i året.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning eller erfaring i brann/redningsfaget.
  • Anna relevant utdanning/yrkeserfaring.
  • Gode samarbeidsevner.
  • God helse – må legge fram helseattest.
  • Førarkort klasse C er ein fordel.
  • Vere villig til å ta nødvendige kurs som blir kravd for stillinga.
  • Bustad innan rimeleg avstand frå brannstasjonen.

Vi tilbyr

  • Ei samfunnsnyttig og utfordrande teneste.
  • Fast årsgodtgjersle for bæring av personsøkar.
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. 
  • For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader

Kvinner vert oppmoda om å søke.

Kontaktinformasjon

Kjell Aske, Brann og beredskapssjef, +47 415 87 654

Arbeidsstad

Grandavegen 9
6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune

Referansenr.: 4874484856
Stillingsprosent: 0,87%
Fast
Søknadsfrist: 10.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Brann og beredskap, Gloppen kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord – Sandane lufthamn – ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.

Webside http://www.gloppen.kommune.no/
Bransje Sikkerhet og beredskap
Yrke Brann-, utryknings- og redningspersonell
Sted SANDANE (Adresse: Grandavegen 9 Postnr: 6823)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 10-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/8a780143-b3ba-4dae-9197-825b9eb68615
IMPORTAPI