Stillingsbeskrivelse
Published 03-04-2025
Deadline: 21-04-2025
Branninspektør
Om stillinga og NGIB
NGIB søkjer etter 2 dyktige og engasjerte branninspektørar/ingeniørar og vi vil gjerne høre frå deg! Desse stillingane er 100% faste.
Nordhordland og Gulen Interkommunale brannførebyggjande avdeling (NGIB) er eit samarbeid mellom kommunane Alver, Gulen, Austrheim, Modalen, Masfjorden, Fedje og Solund, der Alver er vertskommune.
Avdelinga er ein del av Nordhordland brann og redning (NHBR) og held til i brann og driftstasjonen på Alverflaten, Stølen 7. NHBR er organisert med tre avdelingar, feiing og bustadtilsyn og operativ avdeling i tillegg til brannførebyggjande avdeling (NGIB).
NGIB består i dag av 5 tilsette som jobbar i med brannførebyggjing i 7 kommunar i Nordhordland.
Arbeidsoppgåver
- Tilsyn i § 13 objekt
- Undervisning i skular og barnehagar
- Offentleg forvaltning/saksbehandling
- Undervisning av, og øving med personell i institusjonar
- Risikokartlegging/analyse
- Andre brannførebyggjande oppgåver som naturleg høyrer inn under avdelinga
Kvalifikasjonskrav
Kompetansekrav (ihht brann- og redningsvesenforskriften) §40, forebyggende personell:
Personell med oppgaver innen brannforebygging skal ha gjennomført yrkesutdanning i samsvar med kursplan for forebyggende brannvern innen to år fra ansettelse, og ha enten
- universitets- eller høgskoleutdanning på bachelornivå,
- yrkesutdanning som brannkonstabel heltid eller deltid, og kurs for utrykningsleder deltid eller heltid, jf. forskriften § 41,
- fagutdanning i samsvar med læreplan fastsatt for personell som skal utføre feiing og tilsyn med fyringsanlegg, jf. forskriften § 38, eller
- annen relevant fagskole- eller fagutdanning
Forebyggande kurs: Brannforebygger kurs Brann- og redningsskole
Ønskt kompetanse
- Erfaring/kompetanse innan risikovurdering/utsette grupper
- Kompetanse og erfaring innan kompleks industri
- Kommunikasjonsferdigheter – skriftleg/ munnleg
- Undervisningserfaring og pedagogisk kompetanse
- Forvaltnings- og saksbehandlings erfaring
- IKT-kompetanse
Kven er du?
- Respekt/toleranse for mangfald
- Gode samarbeidsevnar – “lagspelar»
- Evne til å arbeida sjølvstendig og strukturert
- Ansvarsbevisst og påliteleg
- Fleksibel og løysningsorientert
- God arbeidskapasitet og evne til å handtera fleire oppgåver samtidig
- Serviceinnstilt og imøtekommande
- Evne til å skapa og oppretthelda gode relasjonar
- Har sertifikat for bil
Personleg eignaheit vil bli vekta.
Vi tilbyr
- Eit tverrfagleg og godt arbeidsmiljø med høg kompetanse
- Gode pensjon- og forsikringsordningar gjennom KLP
- Løn etter avtale
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Tilsetjingsvilkår etter lov- og avtaleverk
- 1,5 timar trening i arbeidstida kvar veke
Politiattest
I tråd med brann- og eksplosjonsvernloven § 18 vert det stilt krav om uttømmande politiattest ved tiltreding.
Vi er Alver
Vi får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Alver kommune orgnr: 988240818 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Alver kommune – Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar! Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare. Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv. Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen. Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss. |
Webside | https://www.alver.kommune.no/ |
Bransje | Bygg og anlegg |
Yrke | Ingeniør bygg |
Sted | ALVERSUND (Adresse: Brann og driftstasjonen på Alver-flaten, Stølen 7 Postnr: 5911) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 21-04-2025 |