Stillingsbeskrivelse
Published 19-03-2025
Deadline: 06-04-2025
Brannforebyggjar (feiar) / Praksiskandidat
Det er ledig 100% stilling som feiar/brannforebyggar i Stryn kommune. Dersom det ikkje melder seg fagutdanna feiar, vil Stryn kommune vurdere å tilsetje ein vaksen person som forplikter seg til å ta fagbrev som feiar (praksiskandidat).
Stryn kommune inngår i det brannforebyggande samarbeidet med Stad og Gloppen kommunar, og feie-/brann-forebyggarstillingane er ein del av samarbeidet. Som følge av dette kan vi tilby eit sterkt fagleg miljø innan forebyggande brannarbeid med tre branninspektørar og fem feiar/ brannforebyggarar. Stillinga vil vere knytt til avd. for Brann, feiing og redning.
Arbeidsoppgåver
Stillinga inngår i feiarteamet som har ansvar for både brannsyn av pipe og eldstad og feiing av piper i heile Stryn kommunen. Ved behov må ein utføre arbeid på tvers av samarbeidskommunane.
Dersom alternativet er å ta fagbrev, vil søkjaren bli praksiskandidat / vaksenlærling og må vere motivert for dette. Praksistida vil bli fastsett ut frå utdanning og relevant praksis. Teoretisk utdanning blir gjeven på Brannskulen, medan praktisk opplæring skjer gjennom stillinga. Praksistida vil bli vurdert ut frå tidlegare utdanning og praksis. I denne perioden vil løn bli etter avtale.
Den tilsette må regne med å reise til Norges brannskule for å gjennomføre teoriopplæringa. Kommunen kostar denne opplæringa, og den tilsette beheld lønna si. Kommunen stiller krav om bindingstid til feiarvesenet etter endt utdanning i to år.
Kvalifikasjonar
- Primært krav om fagutdanning som feiar/brannforebyggar. Søkar utan formell utdanning vil og bli vurdert, men må då ha som mål å ta fagbrev som feiar/brannforebyggar (praksiskandidat).
- Det vil vere fordelaktig om søkar har anna relevant fagutdanning i botnen, til dømes byggfag.
- Gode datakunnskapar
- Førarkort klasse B, ynskje om klasse C eller kunne ta dette ved behov.
Personlege eigenskapar
- Høgdesterk, glad i fysisk arbeid
- Engasjement for det brannførebyggande arbeidet
- Pliktoppfyllande og strukturert
- Like å arbeide med menneske
- Evne til både å arbeide sjølvstendig og i team
- Den som vert tilsett må legge fram helseattest av ny dato.
Vi tilbyr
- Solid fagmiljø innan brannførebyggande arbeid
- Variert og utfordrande arbeid i positivt miljø
- Hjelp til å finne bustad
- God pensjonsordning
Kontaktinformasjon
John Jatgeir Vinsrygg, Brannsjef, 91721629, jonj.vinsrygg@stryn.kommune.no
Arbeidsstad
Tonningsgata 4
6783 Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn Kommune
Referansenr.: 4941653893
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.04.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Stryn Kommune orgnr: 987761806 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta – Volda eller Sandane. Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn |
Webside | http://stryn.kommune.no/ |
Bransje | Håndverkere |
Yrke | Feier |
Sted | STRYN (Adresse: Tonningsgata 4 Postnr: 6783) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 06-04-2025 |