Bli vår nye sjukepleiar – Kirurgisk post, Stord sjukehus
Health and social care Sykepleier(1 dag siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 02-10-2024
Deadline: 20-10-2024
Bli vår nye sjukepleiar
Som sjukepleiar hos oss vil du få ei unik moglegheit til å utvikle din kompetanse innan kirurgisk pleie, med arbeid innan ortopedi og generell kirurgi.
Stillinga inngår i ein årsplan med arbeid 16 helger per år etter oppsatt plan. Det må påreknast arbeid i ein 3- delt turnus. Mogligheit for langvakter på helg med økonomisk kompensasjon.
Kirurgisk post har 18 senger. Posten handterer ei blanding av elektiv behandling og øyeblikkelig hjelp. I tilknytning til posten finst i dag ein sårpoliklinikk som er bemanna av personell frå sengepost. Har du sårutdanning fra før er dette ein gylden anledning til å få arbeide ytteligare med dette som spesialfelt.
Om du er interessert i vidareutdanning innan sårbehandling, geriatri el, vil du ha gode moglegheiter til å få støtte til dette i framtida.
Stord sjukehus er ein del av Helse Fonna og har ein viktig akuttfunksjon innan kirurgi, medisn og føde/barsel. Vi er lokalsjukehuset til omlag 50 000 innbyggjarar i nærliggjande kommunar og er dedikert til å tilby god kvalitat i pasientomsorga.
Hos oss vil du få mange trivelege kollegaer som jobbar godt saman. Vi håpar du kan tenkje deg å jobba saman med oss i framtida.
Arbeidsoppgåver
- Ivaretaking av øyeblikkeleg hjelp pasientar
- Følgje elektive pasientar frå førebuing før operasjon, til dei er ferdigbehandla.
- Observasjon, behandling, stell og pleie.
- Studentveiledning
- Medikamenthåndtering
- Relevante sjukepleieprosedyrer
- Samhandling med primærhelsetjeneste
- Gruppeleiing
Kvalifikasjonar
- Norsk Autorisasjon som sjukepleiar
- Videreutdanning innan sårbehandling er ein fordel, men ikkje et krav
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjørande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordisk statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstest eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
- Gode IKT kunnskapar
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du :
- arbeider sjølvstendig og tar ansvar
- viser faglig interesse og engasjement
- arbeider strukturert og effektivt
- liker å ta faglege utfordringar og har evne til nytenking
- er god på kommunikasjon og samarbeid med både pasientar, pårørande og kollegaer
Vi tilbyr
- Gode arbeidsforhold som følgjer lov og avtaleverk
- Ei avdeling med godt arbeidsmiljø
- Kollegaer med fagleg interesse
- Eit ungt fagmiljø
- Moglegheiter for støtte til vidareutdanning
- Spennande stilling med rom for personleg og fagleg utvikling
Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du fullført utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Halvor Jordåen, Funksjonsleiar – kirurgisk sengepost
Arbeidsstad
Tysevegen 64
5416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4866875283
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.10.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Kirurgisk post, Stord sjukehus orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
|
Webside | |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Sykepleier |
Sted | STORD (Adresse: Tysevegen 64 Postnr: 5416) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 20-10-2024 |