Bli med på jakta etter dei beste sjøfolka! – Fjord1 AS
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(6 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 16-03-2025
Deadline: 04-04-2025
Bli med på jakta etter dei beste sjøfolka!
Er du klar for ei spennande utfordring, og vil vere med på å styrke rekrutteringsarbeidet vårt for sjøtilsette?
Fjord1 ser etter ein engasjert Rekrutteringsmedarbeidar til kontoret vårt i Molde, som vil få jobbe med rekruttering av sjøtilsette til fartøya våre. Her får du sjansen til å jobbe tett på drifta, bidra til å sikre dei rette folka om bord på ferjene våre, og vere med på å byggje opp ein heilt ny rekrutteringsfunksjon i selskapet.
Fjord1 er ein verdensleiande aktør innan det grøne skiftet. Over halvparten av fartøya våre er elektriske. Vi er i front på teknologi og berekraft, men vi veit at dei beste løysningane krev dei rette og beste folka. No ser vi etter deg som kan bidra til å tiltrekke, utvikle og sikre kompetansen vi treng for framtida.
Som rekrutteringsmedarbeidar blir du del av eit nyetablert rekrutteringsteam med fokus på rekruttering av sjøtilsette. Teamet er framleis under etablering, og du får vere med på å forme korleis vi skal jobbe saman framover. Du får moglegheit til å bruke din erfaring og engasjement til å finne dei rette folka, drive kandidatsøk og sørgje for gode rekrutteringsprosessar frå start til slutt.
Arbeidsoppgåvene dine vil blant anna vere:
I denne rolla vil du ha ein variert kvardag med ansvar for heile rekrutteringsprosessen. Du får jobbe tett med drift og HR, og du vil vere ein viktig del av arbeidet med å sikre at vi har dei rette folka på plass til ei kvar tid. Du vil mellom anna jobbe med:
- Gjennomføre rekrutteringsprosessar frå kandidatsøk til tilsetting
- Utarbeide og publisere stillingsannonsar i relevante kanalar
- Følgje opp bemanningsbehov i eiga portefølje i samarbeid med operativ drift
- Bygge nettverk og drive aktivt kandidatsøk for å finne dei beste folka
- Planleggje og gjennomføre intervju
- Følgje opp kandidatar gjennom heile prosessen
- Sikre at all dokumentasjon knytt til mønstring og tilsetting er korrekt
- Ajourføre og vedlikehalde kandidatdatabasen
- Delta på eksterne arrangement og rekrutteringsaktivitetar
- Ta del i andre oppgåver som ligg til avdelinga
Kva kan du forvente?
Du blir ein del av eit heilt nytt rekrutteringsteam som er under etablering, og får sjansen til å vere med på å forme korleis vi jobbar. Her får du ein variert kvardag der du verkeleg kan påverke, utvikle deg og jobbe tett med drift og dyktige HR-kollegaer.
Vi veit at gode arbeidsvilkår gir glade medarbeidarar – difor har vi satsa på heilt nye, moderne kontorlokale i Molde, med sykkelparkering til deg som likar å trø til jobben. Og om du er av typen som trivst best på kontoret, så kan vi freiste med ei kantine som har vaflar kvar fredag og varm lunsj på onsdagar. I tillegg har vi eit treningssenter i bygget – så her kan du ta ein økt før jobb, i lunsjen, eller kanskje for å feire at du har landa ein ny tilsett?
Du får utfordringar som gir rom for læring og utvikling, og vi garanterer eit arbeidsmiljø der samarbeid og humor står sterkt. Her blir du ikkje berre ein del av eit team – du blir med på å skape noko nytt!
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som elskar å byggje relasjonar og jobbe med mennesker. Kanskje har du erfaring frå rekruttering eller bemanningsarbeid, eller kanskje har du ein bakgrunn der du har fått eit godt auge for å finne dei rette folka til rett jobb?
Det er ein fordel om du har erfaring med rekruttering innan maritim næring eller andre operasjonelle yrke, men det viktigaste er at du er nysgjerrig, likar å jobbe proaktivt og har evne til å byggje gode relasjonar. Er du strukturert og engasjert, og synest det høyrest spanande ut å vere med på å utvikle ein heilt ny rekrutteringsfunksjon? Då kan dette vere den perfekte jobben for deg!
Vi verdset mangfald og inkludering
Vi veit at eit mangfald av perspektiv og erfaringar gjer oss sterkare. Vi ønskjer kollegaer med ulike bakgrunnar, kompetansar og livserfaringar, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Våre kontorlokaler er universelt utforma, slik at du kan trivast og jobbe godt uavhengig av behov eller funksjonsevne. Her hos oss handlar det om kva du kan bidra med, ikkje kvar du kjem frå.
Er du klar til å bli ein del av Fjord1?
Har du lest så langt og kjenner at dette kan vere noko for deg? Send inn ein søknad, eller ta kontakt for ein uformell prat – vi er like interesserte i deg som i CV-en din. Har du ikkje CV-en klar? Det går heilt fint, vi vil gjerne snakke med deg uansett!
Lurer du på noko? Ring, send ein e-post, eller finn Regine på LinkedIn – vi tek ein prat når det passar deg.
Kven veit – kanskje dette er starten på noko skikkeleg bra?
Kontaktinformasjon
Regine Gausemel, HR rådgjevar, +47 95440058, regine.gausemel@fjord1.no
Odd Reidar Ormåsen, Regionleiar, 98650768, Odd.Reidar.Ormasen@fjord1.no
Arbeidsstad
Romsdalsgata 9
6415 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 4939469525
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.04.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Fjord1 AS orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten. Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter. Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida. |
Webside | http://www.fjord1.no |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | MOLDE (Adresse: Romsdalsgata 9 Postnr: 6415) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Privat |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 04-04-2025 |