Stillingsbeskrivelse

Published 01-12-2024
Deadline: 01-01-2025

 

Bli med oss som IA-rådgjevar!

Vil du vere med på å forme framtida for arbeidslivet? Hos oss får du mogelegheit til å vere ein sentral aktør i å realisere visjonen om eit meir inkluderande og helsefremjande arbeidsliv. Me ser etter deg som brenn for å skape eit inkluderande arbeidsliv, og som har kompetanse og engasjement til å gjere ein skilnad.

Nav arbeidslivssenter Vestland er eit ressurs- og kompetansesenter for inkluderande arbeidsliv (IA). Senteret er eit av staten sine verkemiddel i IA-avtalen, og samarbeidspart overfor verksemder i IA-arbeidet. Me har no ei ledig stilling som IA-rådgjevar. Du vil høyre til Nav arbeidslivssenter Vestland, avdeling Sør, i tillegg til å bli ein del av eit regionalt team. Arbeidsstad vil vera Nav-kontoret i Bjørnafjorden. Du vil vere med å ha ansvar for verksemder i kommunane Bjørnafjorden, Samnanger og Austevoll.      

NAV Arbeidslivssenter Vestland er ein del av Nav Vestland si satsing på å levera betre og meir integrerte tenester til arbeidslivet. Rådgjevarane våre har mellom anna kompetanse på områda førebyggjande arbeidsmiljøarbeid, helsefremjande arbeidsplassar, organisasjon og leiing, prosessleiing, sjukfråværsoppfølging, tilrettelegging for personar med redusert funksjonsevne, fleirkulturelle arbeidsplassar og god livsfase og seniorpolitikk. Hos oss får du stor fleksibilitet i både fagleg utvikling og spenn i arbeidsoppgåvene. Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø der ein er opptekne av dele kunnskap og spele kvarandre gode.

I søknadsteksten ber vi deg sei noko om kva som motiverer deg til å søke på denne stillinga.

Ansvar og arbeidsoppgåver

Di viktigaste oppgåve blir å støtte verksemdene i å utvikle sitt eige arbeidsmiljø. Dette gjer du gjennom rettleiing og kompetansebygging.

Viktige arbeidsoppgåver er å:

  • rådgje og bidra i prosessar i verksemdene sitt utviklings- og forbetringsarbeid
  • ha resultatansvar for eigen portefølje av verksemder
  • arbeide i team med andre IA-rådgjevarar og kollegaer ved Nav-kontora  
  • arbeid og samhandling på digitale plattformar

Ein må pårekna ein del reising til verksemder i dei ulike kommunane, og at det kan bli endringar i arbeids- og ansvarsoppgåver.

Kvalifikasjonar

  • høgare utdanning på minimum bachelornivå innan til dømes pedagogikk, arbeids- og organisasjonspsykologi, jus, folkehelse og helsefremjande arbeid. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning. 
  • erfaring frå prosessleiing og arbeid med kunnskapsdeling og opplæring
  • god digital kompetanse
  • førarkort klasse B

Det er ynskjeleg at du har:

  • kjennskap til partssamarbeidet i arbeidslivet
  • erfaring frå marknadsarbeid og kunnskap om næringslivet og arbeidsmarknaden i region Midthordland
  • erfaring med tverrfagleg samarbeid på tvers av fag og bransjar

Me legg vekt på at du

  • Har gode servicehaldningar
  • Jobbar sjølvstendig og har evne til å handtere endring
  • Er ein bevisst nettverksbyggjar og jobbar proaktivt og målretta med vekt på resultat
  • Er inkluderande og har evne til å skape tillit gjennom kommunikasjon og samarbeid

Me tilbyr

  • Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
  • Aktive og engasjerte kollegaer
  • Fleksibel arbeidstid og mogelegheit for trening i arbeidstida
  • Stillinga blir plassert i stillingskode 1434 rådgivar / 1364 seniorrådgivar avhengig av kvalifikasjonar. Lønsspennet for stillinga ligg frå kr. 584.500 – 635.400 per år. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse

Kontaktinformasjon

Anlaug Rygg Svensen, Avdelingsleiar, 91119763, Anlaug.Rygg.Svensen@nav.no

Arbeidssted

Holtbrekka 7
5200 Os

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: NAV

Referansenr.: 4888441590
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver NAV arbeidslivssenter Vestland – region Midthordland orgnr:
Kort om arbeidsgiver
Webside
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Ledelse, administrasjon og rådgivning
Sted OS (Adresse: Holtbrekka 7 Postnr: 5200)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 01-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/f207b008-ad44-4bb8-954b-625190caa747
IMPORTAPI