Bjørnafjorden kommune søkjer fagleiar VA – Bjørnafjorden kommune

IT Utvikling

(3 uker siden)

  • OS
  •  Lagt til dato: 7. november 2024
  •  Expire date: 4. desember 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 07-11-2024
Deadline: 04-12-2024

 

Bjørnafjorden kommune søkjer fagleiar VA

Vil du vere med å forme framtida til VA-tenestene i ein vekstkommune? Bjørnafjorden kommune søkjer no fagleiar innan vatn og avløp. Bli med å skape trygge og berekraftige løysingar for framtida!

Bjørnafjorden kommune søkjer ein sjølvstendig og engasjert fagleiar innan VA til eit fagfelt i stadig endring. Hos oss vil du få varierte og gjevande arbeidsoppgåver, leiaransvar og ei brei kontaktflate. Stillinga rapporterer til einingsleiar for Samferdsle og VA. Oppmøtestad er for tida i Industrivegen 96 i Os.

ANSVAR OG ARBEIDSOPPGÅVER

I rolla vil du ha det overordna faglege ansvaret for VA, der du vil spele ei sentral rolle i styringa og utviklinga av avdelinga. Som fagleiar har du ansvar for oppfølging og godkjenning av VA-tekniske planar. Vidare følgjer du opp innbyggjarar, næringsliv og private utbyggjarar, samt byggjefelt og VA som skal overtakast. Du leiar ei avdeling med ni ingeniørar og to konsulentar. 

Andre relevante arbeidsoppgåver vil vere

  • personal- og budsjettansvar for avdelinga Vatn og avløp
  • justering og vidareutvikling av avdelinga sitt kvalitetssystem
  • førebu saker til politisk utval 
  • oppdatering og prioriteringar av Hovudplan VA
  • oppfølging av driftskontrakt med Bergen Vann

DIN PROFIL

Me ser etter deg som har erfaring innan VA, gjerne frå offentleg/kommunal sektor. Du er løysnings- og utviklingsorientert, og du motiverast av å vere ein bidragsytar til å vidareutvikle Bjørnafjorden kommune sine tenester til innbyggjarane. 

Vidare ser me føre oss at du 

  • har høgare utdanning innan VA, relevant erfaring kan kompensere for utdanning
  • har kjennskap til gjeldande lovar og forskriftar
  • er målretta, strukturert og har god gjennomføringsevne
  • er ein relasjonsbyggar med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • beherskar norsk både munnleg og skriftleg 
  • har førarkort klasse B

Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt  i vurderinga. 

KVIFOR BJØRNAFJORDEN KOMMUNE?

Hos oss får du

  • ein variert og hektisk kvardag i ein kommune i vekst
  • fagleg spennande oppgåver i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • løn etter avtale
  • gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • fleksitidsordning

Søknadsfrist: 4. desember – Søknadar vurderast fortløpande.

YNSKJER DU MEIR INFORMASJON OM STILLINGA?
Kontakt vår rekrutteringspartner HAMNØY AS ved rådgjevarane

  • Marit Ecklo Brevik, tlf. 907 24 333
  • Johanna Grindhaug, tlf. 959 33 056

Registrer søknad og CV snarast, og hugs å leggje ved alle relevante attestar og vitnemål. 

Oppstart etter avtale.

Kontaktinformasjon

Marit Ecklo Brevik, Rådgiver, 907 24 333, meb@hamnoy.no
Johanna Grindhaug, Research & analyse, 959 33 056, jg@hamnoy.no

Arbeidssted

Torggata 7
5200 OS

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bjørnafjorden kommune

Referansenr.: 4882960735
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune orgnr: 992179457
Kort om arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune ligg i Midthordland i Vestland fylke. Kommunen har ca. 26 000 innbyggjarar og vil vere i sterk vekst i åra framover. Ny E39 til Bergen med halvering av reisetida, utvikling av nye, spennande næringsområde i Lyseparken og utvikling av Osøyro og Eikelandsosen er nokre av satsingane våre. I Bjørnafjorden kommune ynskjer me å vere framoverlente, effektive og arbeide godt for å levere heilskaplege og innovative tenester med eit stort fokus på innbyggjarane sine behov. Sektor samfunnsutvkling har ansvar for plan, byggesak, oppmåling, landbruk, næring, innbyggjarteneste, kultur, eigedomsdrift, prosjekt og samferdsle og VA.
Webside http://bjornafjorden.kommune.no/
Bransje IT
Yrke Utvikling
Sted OS (Adresse: Torggata 7 Postnr: 5200)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 04-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e41e2a73-827c-4130-bd6d-889af5d9175f
IMPORTAPI