Bioingeniør – LMBB, seksjon FSS, Helse Førde

Health and social care Bioingenior

(3 uker siden)

  • FØRDE
  •  Lagt til dato: 22. september 2024
  •  Expire date: 13. oktober 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 22-09-2024
Deadline: 13-10-2024

 

Bioingeniør

Er du bioingeniør og ute etter jobb i eit triveleg og godt arbeidsmiljø? Då er dette arbeidsstaden for deg. 

Bli kjent med oss i LMBB

Hos oss får du jobbe i eit laboratorium der du får brei erfaring innan fagfelta hematologi, koagulasjon, klinisk kjemi og transfusjonsmedisin. Du jobbar både sjølvstendig og i team, tett på pasientane. Bioingeniørane deltar i tredelt turnus etter fullført opplæring, og det er til ei kvar tid minst to bioingeniør på vakt. 

Lab. medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB) er ei viktig og sentral avdeling i Helse Førde, og bidrar døgnet rundt med analyser av høg kvalitet slik at både sjukehusavdelingar og legekontor raskt kan sikre riktig diagnose og god pasientbehandling.

I våre framtidsretta lokaler med moderne analyseinstrument og automasjonsløysing, går vi inn i ein spennande periode med mål om å auke kvaliteten på tenestene vi leverer. Personalet i avdelinga har høg kompetanse og består av bioingeniørar, helsesekretærar, overlegar og sjukepleiarar. 

Førde er den største byen i tidlegare Sogn og Fjordane fylke, og ligg mellom Bergen og Ålesund. Her er flyplass og eit godt utbygd bussrutenett. Byen er kjent som eit handelssentrum med stort utval butikkar, samt gode kulturelle tilbod (konsertar, arrangement, kunst, restaurantar m.m.). Førde ligg midt i flott vestlandsnatur, med moglegheit for toppturar til fots og på ski, her er og fleire skianlegg i området. Det er kort veg til kyst og hav med moglegheit for båtliv, fisking og rekreasjon.

Om du har spørsmål til stillinga, må du gjerne ta kontakt. 

Startdato etter avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Varierte arbeidsoppgåver innan blodbank, hematologi, koagulasjon og medisinsk biokjemi
  • Pasientretta oppgåver innan prøvetaking og preanalyse
  • Stillinga inngår i tre-delt vaktturnus ved avdelinga. Dette gir mange fordelar med turnusfridagar. Vi tilpassar turnus individuelt
  • Spesifikke arbeidsoppgåver knytt til avdelinga
  • Arbeidsoppgåvene blir rullert kontinuerleg

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
  • Relevant praksis/arbeidserfaring frå medisinsk biokjemi/blodbank er ein fordel
  • Gode IKT kunnskaper 

Personlege eigenskapar

  • Vere fagleg engasjert og interessert
  • Jobbe stukturert og målretta
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Sjølvstendig, fokusert og ansvarsbevisst
  • Må trivast i eit aktivt miljø med varierte arbeidsoppgåver
  • Serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Opplæringsprogram for nytilsette
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Triveleg og aktivt arbeidsmiljø 
  • Arbeid i IA-bedrift
  • Hjelp med bustad, opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no . Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet ). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Robin-Andre Sørland, Avdelingssjef, 91 82 51 48
Nina Merkesdal Hole, Seksjonsleiar, 57 83 92 87

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 4863710011
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver LMBB, seksjon FSS, Helse Førde orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Webside https://www.helse-forde.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Bioingeniør
Sted FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 2 Postnr: 6812)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 13-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/8978d791-d6ed-407a-9849-a6cc01533adc
IMPORTAPI