Stillingsbeskrivelse

Published 14-11-2024
Deadline: 15-01-2025

 

Bioingeniør, bioingeniørstudent  

Laboratorieavdelingane i Helse Førde, Førde sentralsjukehus  søkjer vikarar til sommarferien 2025.

Vi treng fleire dyktige og engasjerte medarbeidarar – og søkjer deg som ønskjer å jobbe i sommarferien.
Helse Førde tilbyr eit breitt spekter av analyser innan ulike fagområde. Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår. Vi arbeider for å knytte til oss dei beste fagfolka og vil legge til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste. Bli med oss!

Laboratoria i Førde har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og vi har mange ulike sosiale aktiviteter på fritida heile året rundt – og vi har alltid plass til fleire.
Dei som vert tilsett i sommarjobb kan og få tilbod om å jobbe ekstra rundt høgtid og andre ferier. 

Dette er ei felles utlysing for: 

  • Medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB)
  • Mikrobiologisk avdeling 
  • Avdeling for Patologi  

Vi håpar du kan tenke deg å arbeide hos oss! Om du har eit ønske om kva for eit laboratorium du helst vil arbeide ved, kan du opplyse om dette i søknaden.  

Ferievikariat gjeld for perioden 02.06.2025 – 17.08.2025, eller etter avtale. Opplys i søknaden kva periode det er aktuelt for deg å arbeide.  

Arbeidsoppgåver

  • Utføre analytiske og preanalytiske oppgåver etter godkjente prosedyrer og gjeldande lover og regelverk 

Kvalifikasjonar

  • Bioingeniør/1.- 3. års bioingeniørstudent 
  • Andre med relevant utdanning eller praksis kan bli vurdert
  • Må beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg  

Oppgje referanse ved utdanning og tidlegare arbeidsgjevar, samt legg ved karakterutskrift over avslutta fag. 

Personlege eigenskapar

  • Påliteleg og arbeidsam 
  • Kunne arbeide i team 
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta 
  • Positiv, omgjengeleg og serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer 

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå 
  • Varierte arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø 
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst 
  • Ein inkluderande arbeidsplass 
  • Bistand til å skaffe bustad 

 
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Nina Merkesdal Hole, Seksjonsleiar – LMBB, 57839287
Marianne Schiefloe Myklebust, Seksjonsleiar – Mikrobiologi, +47 986 64 325
Katja Helmine Nielsen Gulhaugen, Seksjonsleiar – Patologi, 411 72 494

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 4885866301
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 02.06.2025
Sluttdato: 17.08.2025
Søknadsfrist: 15.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Mikrobiologisk Laboratorium, LMBB og Avdeling for Patologi, Helse Førde orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Webside https://www.helse-forde.no/
Bransje Utdanning
Yrke Forskningsarbeid
Sted FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 2 Postnr: 6812)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 9
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 02-06-2025
Søknadsfrist 15-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/09e96414-299d-4ad6-9e64-9bb7dfe69a05
IMPORTAPI