Barneverntenesta – Øygarden kommune Barneverntenesta
Health and social care Miljoarbeidere(3 uker siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 10-11-2024
Deadline: 02-12-2024
Barneverntenesta
Vi søkjer deg som vil jobbe i ei barnevernteneste som har høg kvalitet og fokus på utviklingsarbeid.
Er du:
- engasjert i heilskapleg tenking kring barn og familiar
- fleksibel og løysingsorientert
- glad i å spele på lag og oppteken å skape noko saman.
Då treng vi deg i teamet vårt!
Vi søkjer medarbeidarar til:
- arbeid med undersøking og tiltak
- arbeid med barn og foreldre når barnet ikkje bur heime
Om avdelinga:
Barneverntenesta er organisert saman med skule, barnehage, helsestasjon og PPT under kommunalsjef for Oppvekst. Barneverntenesta omfattar 60 stillingar og er inndelt i team. I tenesta er det stort fokus på å utvikle sjølvstende gjennom teamarbeid. Vidareutvikling av samhandlingskompetanse på tvers av dei ulike hjelpeinstansane skal gjennomsyre kommunen sitt samla tenestetilbod.
Arbeidsoppgåver:
- Sakshandsaming etter lov om barnevern.
- Tverrfagleg samarbeid
- Fremje og føre sakar for Barneverns- og helsenemnda og anna rettsinstans
- Arbeidsoppgåvene skal utførast innan fleksibel arbeidstid. Arbeid på ettermiddag og kveld må påreknast.
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- 3- årig relevant høgskuleutdanning, fortrinnsvis innan utdanningane barnevern og sosionom.
- Anna utdanning og erfaring kan i særskilte tilfelle erstatte kravet om 3-årig relevant høgskuleutdanning
- Gyldig politiattest ved tiltreding
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Førarkort kl B
Ønskjeleg med:
- Relevant vidareutdanning
- Erfaring frå 1.linje barnevern
- Erfaring med arbeid med barn, unge og familiar
Eigenskapar:
- Du møter barn og deira familiar med respekt, audmjukheit, samarbeid og kjærleik.
- Du er fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Du toler høgt arbeidspress og arbeidar etter lovpålagte fristar
- Du evner å kunne jobbe heilskapleg og strukturert, både sjølvstendig og i team
- Det vert lagt avgjerande vekt på kven du er som person og korleis du passer inn i personalgruppa vår.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA bedrift
- Fleksitidsordning
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer i eit godt fagmiljø
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Einingsleiar Hege Gundersen tlf: 934 84 846 evt.
Hege.Gundersen@oygarden.kommune.no
Avdelingsleiar Hilde Martinussen Lønøy tlf: 99216092 evt.
HildeMartinussen.lonoy@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkjarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å førast opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO