Barnevernskonsulent – Volda kommune, Avdeling barnevern
Health and social care Radgivere innen sosiale fagfelt(4 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 26-11-2024
Deadline: 12-12-2024
Barnevernskonsulent
Søre Sunnmøre barnevernssamarbeid består av kommunane Hareid, Sande,Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta. Volda kommune er vertskommune og tenesta er lokalisert i rådhuset i Volda. Tenesta har om lag 50 tilsette. Barnevernstenesta har fokus på medverknad, kvalitet i arbeidet og fagutvikling.
Alle kommunene i samarbeidet har tverrfagleg samhandling som satsingsområde og er BTI (betre tverrfagleg innsats) kommuner.
Ein tilsett vert no pensjonist og det er derfor ledig 100 % fast stilling som barnevernskonsulent.
Det kan også bli ledig vikariat med inntil eit års varigheit.
Om du ynskjer å medverke til endring i oppveksten til barn som treng det; søk denne stillinga!
Arbeidsoppgåver
- Sakshandsaming etter barnevernslova
- Tverrfagleg samarbeid
- Sakshandsaming for nemnd og rett
- Deltaking i fagleg utviklingsarbeid
- Samarbeide i team
- Noko reiseverksemd og ettermiddag/kveldsarbeid må påreknast
Kvalifikasjonar
- Grunnutdanning som barnevernspedagog eller sosionom
- Arbeidserfaring frå kommunal barnevernsteneste eller anna relevant arbeid med barn og ungdom
- God kjennskap til barnevernslova, sakshandsamingsrundskrivet, og relevante forskrifter
- Ønskeleg med relevant vidareutdanning
- Personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på
- Førarkort klasse B
- God skriftleg og munnleg norsk framstillingsevne
- Gode datakunnskapar
- Godkjent politiattest må leverast før tilsetting
- Legg vitnemål og eventuelle attestar ved søknaden
Personlege eigenskapar
- God kommunikasjonsevne som skapar tryggleik og tillit hjå dei du møter i arbeidet
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Evne til å sjå moglegheiter, ta beslutningar og ansvar i arbeidet, samt gjere gode faglege vurderingar
- Evna til å kunne arbeide planmessig og strukturert
- Gode analytiske evner
- Kunne meistre eit høgt arbeidspress og ha evne til å prioritere og ta initiativ
- Evne til rask omstilling frå planlagt arbeid til akutt arbeid
- Bevisst eigne haldningar, verdigrunnlag og eigenpraksis
- Vi legg vekt på korleis søkjar vil utfylle personalgruppa elles
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Tenesta har ein lønsplan knytt til masterkravet i barnevernet
- Systematisk opplæring og rettleiing av nytilsette
- Prosessrettleiing i gruppe med eksterne rettleiarar
- Fleksitid
- Spanande utfordringar i eit utviklingsorientert miljø
- Løysingsorientert organisasjonskultur bygd på tillit og handlingsrom
- Inkluderande arbeidslivsverksemd
- God pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Torill Osborg Vinjevoll, 48148857
Aina Øyehaug Opsvik, +47 40092789
Arbeidsstad
Stormyra 2
6100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommune
Referansenr.: 4890570659
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Volda kommune, Avdeling barnevern orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med i underkant av 11.000 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien. I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i. Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut. Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss! |
Webside | http://www.volda.kommune.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Rådgivere innen sosiale fagfelt |
Sted | VOLDA (Adresse: Stormyra 2 Postnr: 6100) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 12-12-2024 |