Barnevernskonsulent – Tenesteområde Barnevern, Haram kommune

Health and social care Radgivere innen sosiale fagfelt

(17 timer siden)

  • BRATTVÅG
  •  Lagt til dato: 10. oktober 2024
  •  Expire date: 22. oktober 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 10-10-2024
Deadline: 22-10-2024

 

Barnevernskonsulent

Vil du bli med å gjer ein forskjell for barn og unge i Haram kommune?

Vi har ledig et svangerskaps vikariat fra januar 2025, og søker deg som har eit stort engasjement for barn, unge og deira familiar.
Barneverntenesta arbeider etter generalistmodellen, der tilsette arbeider med alle delar av barnevernsfaget; undersøking av omsorgssituasjon, oppfølging av tiltaksarbeid for heimebuande barn og oppfølging av barn og unge som bur utanfor heimen. Stillinga innebærer også rettleiing etter Lov om barnevern.
Haram barnevernteneste er organisert under tenesteområdet Livsløp. Her ligg det til rette for tverrfagleg samarbeid og gode løysningar for barn og familiar i kommunen.

Vi søker:
1 vikar i 100% stilling, i eit år med mogelegheit for forlengelse.

Vi ønsker deg som er engasjert og motivert til å vere med å skape ei god og robust barnevernsteneste for kommunens barn og familiar i kommunen

I Haram kommune er vi opptekne av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.

Arbeidsoppgåver

  • Saksbehandling etter Lov om barnevern
  • Direkte samarbeid med barn, unge, deira familie og anna nettverk
  • Samarbeid med aktuelle instansar
  • Bidra til god samhandling og ressursutnytting i tenesta
  • Akuttarbeid
  • Forebyggande arbeid
  • Noko reiseverksemd og ettermiddag-/kveldsarbeid må reknast med

Kvalifikasjonar

  • 3-årig høyskoleutdanning, primært barnevernspedagog eller sosionom
  • Gjerne relevant vidareutdanning
  • Erfaring frå 1.linje tenesta er ønskeleg
  • Krav om gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert, trygg, varm og audmjuk i møte med barn og foreldre
  • Du må vere løysningsorientert, strukturert, kunne planlegge og ha god oversikt
  • Du må trivast med varierte arbeidsoppgåver og høgt tempo, og du har stor arbeidskapasitet
  • Du tar utfordringar, evner å skape godt arbeidsklima, og bidreg positivt til arbeidsmiljøet
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personlige egenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.

Vi tilbyr

  • Eit spennande fagfelt med varierte arbeidsoppgåver og dyktige kollegaer
  • Gode moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling
  • Rettleiing
  • Deltaking i å utvikle framtidas barnevernteneste
  • Disponibel tenestebil
  • Særskilte rekrutteringstillegg
  • Uttelling for kompetanse
  • Gratis parkering i parkeringshus
  • Arbeidsstad i moderne tenestehus i Brattvåg
  • Fleksibel arbeidstid

Kontaktinformasjon

Gunn-Marit Longva, Fagleiar, 97124137, gunn-marit.longva@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Strandgata 40
6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 4869695127
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 22.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Tenesteområde Barnevern, Haram kommune orgnr: 979353065
Kort om arbeidsgiver

Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund

Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre.
Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid.
Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

Webside http://www.haram.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Rådgivere innen sosiale fagfelt
Sted BRATTVÅG (Adresse: Strandgata 40 Postnr: 6270)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 22-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/830057c0-f15f-491b-b909-f2122e0753a4
IMPORTAPI