Barnevernleiar 100% fast – Kvinnherad kommune Barn og familie

Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare

(3 dager siden)

  • HUSNES
  •  Lagt til dato: 1. januar 2025
  •  Expire date: 23. januar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 01-01-2025
Deadline: 23-01-2025

 

Barnevernleiar 100% fast

Eining Barn og familie – er ei av 21 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt inn i fem avdelingar: barnevern, helsestasjon, PPT, avdeling Tiltak og ressurs og Villatoppen Avlastningsbustad. Eininga held til på Husnes tenestesenter.

Omtale av stillinga 

Kan du tenkja deg å delta i viktig utviklingsarbeid for barn og unge? Det er ledig ei spanande og utfordrande 100% stilling som leiar av barneverntenesta i Kvinnherad Kommune frå 1. mars 2025, eller etter nærare avtale.

Både sentralt og lokalt står barneverntenesta ovanfor endring og utviklingsprosessar, med fokus på godt barnevern, samarbeid med barn og foreldre, tverrfagleg samarbeid, fagleg rettleiing, eit godt arbeidsmiljø og trivsel i tenesta. Barnevernleiar vil som fagleg og administrativ ansvarleg for barneverntenesta, vera ein viktig ressurs i dette arbeidet.   

Vi treng ein fagleg dyktig barnevernleiar som er trygg i rolla og har overskot til å stå i krevjande situasjonar. Som barnevernleiar må du ha perspektiv ut over eigen profesjon og kunna sjå verdien av å samarbeida på tvers av fag og sektorar, med sikte på å gje heilskaplege tenester for barn og unge.  

Barneverntenesta har 18 fagstillingar og barnevernleiar. Tenesta er inndelt i team; undersøking, oppfølging, omsorg og tiltak. Barneverntenesta er ein del av eininga Barn og familie, der einingsleiar er barnevernleiar sin næraste overordna.  

Ansvarsområde 

Barneverntenesta si kjerneoppgåve er å gje born, unge og familiar hjelp og støtte i vanskelege livssituasjonar, der barnet sitt beste er grunnleggjande for alt arbeid. I tillegg er barneverntenesta sentral i det tverrfaglege samarbeidet om barn og unge på ulike nivå.  

Barnevernleiar har ansvar for :  

  • Fag og personal for barnevernet  
  • Avgjerd- og vedtaksmynde etter Lov om barneverntenester  
  • Planlegging, koordinering og drift av barneverntenesta   
  • Internkontroll, kvalitetsarbeid og fagutvikling  
  • Kvalitetssikring av rapportering og dokumentasjon  
  • Rettleiing av tilsette  
  • Prosjektarbeid knytt til Læringsnettverk i Vestland fylke. 

Kvalifikasjonar 

  • Barnevern- eller sosialfagleg utdanning, helst på masternivå 
  • Ynskjeleg med erfaring frå kommunal barnevernsteneste 
  • Ynskjeleg med relevant vidareutdanning  
  • Leiarutdanning / kompetanse innan organisasjon, leiing og økonomi 
  • Leiarerfaring 
  •  Kjennskap til verktøy og metodar i barnevernfagleg arbeid 
  • Gode norskkunnskapar 
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Gode datakunnskapar

Personelege eigenskapar 

  • Evne til å leia og motivera medarbeidarar 
  • Engasjement for barnevern 
  • God organisasjonsforståing 
  • Fokus på tverrfagleg samarbeid  
  • Gode kommunikasjons-, løysnings- og samarbeidsevner 
  • Utviklingsorientert, målretta og resultatorientert 
  • Eigna for arbeid med foreldre, barn og ungdom 
  • Handtere arbeidspress og stor arbeidsmengde
  • Er oppteken av å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr 

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML 
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP 
  • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd 
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø 
  • Dekking av flytteutgifter etter nærare reglar 
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver 
  • Fleksibel arbeidstid, det må påreknast noko ettermiddags- og kveldsarbeid 
  • Intern og ekstern rettleiing 
  • Gode høve til friluftsliv både sommar og vinter 
  • Varierte kulturtilbod  
  • Gode oppveksttilhøve for barn 
  • Kvinnherad kommune har gratis SFO

Den som vert tilsett må ha sertifikat og disponere bil. 

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12-11. 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kvinnherad kommune Barn og familie orgnr: 986978542
Kort om arbeidsgiver Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.
Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Nyleg vart Kvinnherad Arena opna, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.

Webside
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted HUSNES (Adresse: Sentrumsvegen 29 Postnr: 5460)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 23-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/05fa3e37-5d98-425c-be19-232711f2a35a
IMPORTAPI