Stillingsbeskrivelse

Published 17-11-2024
Deadline: 02-12-2024

 

Barnevernkurator/kontaktperson 100% vikariat

Eining Barn og familie er ei av 21 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt opp i seks avdelingar; Barnevern, PPT, Helsestasjon, Avdeling for Familiestøtte, Villatoppen avlastningsbustad og Butiltak Barn og unge. Eininga held til på Husnes tenestesenter.

Omtale av stillinga

Barneverntenesta i Kvinnherad har ledig vikariat i 100% stilling som barnevernkurator /kontaktperson fom 01.01.2025 tom. 30.11.2025.

Barnevernstenesta er organisert i eining Barn og familie. Barnevernstenesta er i dag inndelt i fire team; undersøking, oppfølging, omsorg og tiltak. Vi har 19 tilsette og barnevernleiar. Kommunen har barnevernvaktordning, der tilsette går inn i vaktordninga. Barneverntenesta er stadig i utvikling og endring, og dersom du blir tilsett hos oss kan vi love deg ein spennande arbeidskvardag med gode moglegheiter for fagleg utvikling. Vi er ei teneste med et godt arbeidsmiljø og brei fagleg kompetanse. Barneverntenesta er utviklingsorientert og har dei siste åra starta fleire faglege prosjekt. Desse bidreg til fokus på å levere gode, faglege tenester og hjelpetiltak. Tilsette får opplæring i samtalar med barn.   

 Hovudarbeidsoppgåver for stillinga:

  • Sakshandsaming etter barnevernlova 
  • Undersøking av bekymringsmeldingar 
  • Oppfølging av barn og unge og deira familiar 
  • Samarbeid med andre hjelpeinstansar 
  • Journalføre og dokumentere via fagsystemet 
  • Møte som partsrepresentant i barneverns- og helsenemnda, samt andre rettsinstansar 
  • Delta i barnevernvaktordning 

Kvalifikasjonar

Vi søkjer medarbeidar med 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning, men andre med relevant høgskuleutdanning kan og søkje.

  • Ynskjeleg med erfaring frå kommunal barnevernsteneste
  • Ynskjeleg med barnevernfagleg vidareutdanning
  • Kjennskap til verktøy og metodar i barnevernfagleg arbeid
  • Erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar vert vektlagt
  • Gode norskkunnskap
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Gode datakunnskap

Personlege eigenskapar

  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing
  • Gode samarbeidsevne, god kommunikasjon og evne til å vere ein relasjonsbyggjar
  • Trivast å arbeide med foreldre, barn og ungdom
  • Kan handtera arbeidspress og stor arbeidsmengde
  • Evne til å arbeide effektivt, sjølvstendig, målretta og strukturert
  • Evne til fleksibilitet og endring
  • Vere opptatt av å bidra til eit godt arbeidsmiljø

 Den som vert tilsett må ha sertifikat og disponere bil. Eininga har i tillegg bilar til disposisjon.

 Vi tilbyr

  • Spennande, utfordrande arbeidsdagar der ingen dag er lik. 
  • Fagleg rettleiing individuelt og i gruppe, samt ekstern rettleiing. 
  • Eit fagmiljø med fokus på kompetanseheving og personleg utvikling. 
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø. 
  • Flotte, nyoppussa lokale midt i Husnes sentrum. 
  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML. 
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP. 
  • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd. 
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar. 
  • Fleksibel arbeidstid. 
  • Det må påreknast noko ettermiddags- og kveldsarbeid. 

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12-11, opplæringslova § 17-11, lov om barnehagar § 30, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kvinnherad kommune Barn og familie orgnr: 983827306
Kort om arbeidsgiver Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.
Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Nyleg vart Kvinnherad Arena opna, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Rådgivere innen sosiale fagfelt
Sted HUSNES (Adresse: Sentrumsvegen 29 Postnr: 5460)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 02-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6ed72947-c2ea-490b-9f05-7f00d5ec1741
IMPORTAPI