Barnepleiar/helsefagarbeidar – Føde/barsel eining,Haugesund sjukehus
Health and social care Helsefagarbeider(1 dag siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 24-10-2024
Deadline: 11-11-2024
Barnepleiar/helsefagarbeidar
Eininga er ei kombinert føde/barsel eining og har ca 1300 fødslar i året. Vi samarbeider med gynekologisk eining og med nyfødt intensiv eining.
Som barnepleiar/helsefagarbeidar hos oss får du ein arbeidskvardag i ei triveleg og til tider travel avdeling. Stillinga inneber tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg.
Arbeidsoppgåver
- Vi selekterer etter normal og risikofødsler i avdelingen, og som barnepleiar/ helsefagarbeidar får du i oppgåve å assistere ved fødsler og ta hand om mor og barn etter fødsel
- Tverrfagleg samarbeid er viktig for god kvalitet på vårt arbeid
- Studentrettleiing er også ei naturleg oppgåve i avdelinga, da vi har studentar av fleire kategoriar store delar av året
Kvalifikasjonar
- For stillinga er det krav om dokumentert autorisasjon som hjepepleier/helsefagarbeider
- Det er ein fordel å ha spesialutdanning innan spebarn og barselpleie eller erfaring frå aktiv fødeavdeling
- Det er ein fordel med annan relevant vidareutdanning/kurs
- Det er ein føresetnad at søkjar kan arbeide nattevakter
- Søkjar utanfor skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og muntleg
Personlege eigenskapar
- Strukturert
- Pasientorientert
- Sjølvstendig
- Stor arbeidskapasitet og evne til å vere fleksibel
- Gode samarbeidsevner vil bli vektlagd
- Gode kommunikasjonsevner
- Ha respekt for den enkelte pasient
- Trivst med å jobbe i tverrfaglig team
- Du har vilje og evne til å tilpasse deg skiftande krav og forhold
Personlege eigenskapar blir vektlagd
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overenskomst
- Medlemskap i pensjonsordning , 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande Arbeidsliv-bedrift( IA-bedrift)
- Fagleg personleg utvikling
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevneog fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Astrid Kvamme Rønnevik, Funksjonsleiar, +47 52 73 23 24
Sidsel Petrine Vetås, Avdelingsleiar, +47 52 73 23 26
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4876869144
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.01.2025
Søknadsfrist: 11.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Føde/barsel eining,Haugesund sjukehus orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
|
Webside | |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Helsefagarbeider |
Sted | HAUGESUND (Adresse: Karmsundgata 120 Postnr: 5528) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 01-01-2025 |
Søknadsfrist | 11-11-2024 |