Barnekoordinator – Giske kommune

Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare

(21 timer siden)

  • VALDERØYA
  •  Lagt til dato: 5. november 2024
  •  Expire date: 21. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 05-11-2024
Deadline: 21-11-2024

 

Barnekoordinator

Er du engasjert og utviklingsorientert? Ønsker du å gjere ein forskjell for barn og unge med behov for langvarige og samansette tenester og familiane deira? Då kan du vere den vi ser etter!

Giske kommune søker etter barnekoordinator i 50 % stilling med oppstart 01.01.25. I denne stillinga vil du få ein spennande arbeidskvardag i eining for samhandling og koordinering.

Vi ser etter deg som er god på å samhandle med barn, deira føresette og andre fagpersonar. Du må vere strukturert og like ein kvardag med varierte, spennande og komplekse oppgåver.

Den som blir tilsett må legge fram politiattest av ny dato.

I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga. 

Arbeidsoppgåver

  • Ha oversikt over og bidra aktivt til å ivareta kommunen sitt ansvar for nødvendig oppfølging og tilrettelegging for barnet og familien
  • Sikre nødvendig oppfølging og koordinering av tenestetilbodet rundt barn og unge
  • Sørge for framdrift i arbeid med individuell plan i det digitale verktøyet Dips
  • Samhandling med og rettleiing av andre tilsette når det gjeld koordinering av tenester og individuell plan.
  • Oppgåver på systemnivå
  • Bistå tildelingskontoret med handtering av e-meldingar ved behov

Stillinga er nyoppretta, og oppgåvene vil derfor vere dynamiske og i utvikling.

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3-årig relevant høgskule- og/eller universitetsutdanning
  • Det er ønskeleg at søkjar har etter-/vidareutdanning innan fagfeltet
  • Erfaring og kompetanse med rettleiings- og koordineringsarbeid
  • God digital kompetanse
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Kunnskap om relevant lovverk
  • Må ha førarkort klasse B 

Personlege eigenskapar

  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Stor arbeidskapasitet
  • God relasjonskompetanse
  • Gode samarbeidsevner
  • Sjå samanheng og heilskap
  • Nytenkande og trygg i arbeid med utvikling av nye bærekraftige tenester

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø og kollegaer med god kompetanse og erfaring
  • Godt tverrfagleg samarbeid i ein utviklingsorientert kommune
  • Fleksitidordning
  • Løn og tilsetting på kommunale vilkår og pensjonsordning gjennom KLP

Kontaktinformasjon

Merethe Kristin Våge, Stabsleiar samhandling og koordinering, +47 90080293

Arbeidsstad

Valderhaug 4
6050 Valderøya

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune

Referansenr.: 4882025212
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 21.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Giske kommune orgnr: 983836836
Kort om arbeidsgiver

Giske kommune har om lag 8700 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.

 

Webside http://www.giske.kommune.no
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted VALDERØYA (Adresse: Valderhaug 4 Postnr: 6050)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 21-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/74bcef55-6961-4aa2-8f4e-e97e4a477547
IMPORTAPI