Barnehagemedarbeidare – Sør-Fron kommune
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(3 uker siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 30-03-2025
Deadline: 23-04-2025
Barnehagemedarbeidare
Med førebels godkjenning av permisjonar, overføringar og oppseiingar, kan det frå 15.08.2025 bli ledig eit lite tal stillingar som barnehagemedarbeidar i barnehagane i Sør-Fron. Hovudsakleg vikariat, men ved ledigheit faste stillingar. Stillingsprosenten vil vere 50 – 100 %.
Sør-Fron kommune har to kommunale barnehagar, Liene og Harpefoss, med fire og tre avdelingar for barn 0-6 år.
Søknadsteksten vil bli tillagt stor vekt ved utveljing til intervju.
Alle søknadar skal sendast via rekrutteringssystemet på Sør-Fron kommune sine heimesider. Søknadar skal ikkje sendast som e-post.
Arbeidsoppgåver
- støtte og veilede barn i å danne vennskap og å vise omsorg for kvarandre.
- delta aktivt i det pedagogiske og praktiske arbeidet i det daglege.
- vere bevisst på og bidra til eit godt språkmiljø i barnehagen.
- samarbeide med andre tilsette.
- halde seg fagleg oppdatert ved å delta på kurs og planleggingsdagar.
- bidra til eit inkluderande arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barne- og ungdomsarbeidar.
- Anna relevant utdanning kan kompensere for manglande fagbrev.
Politiattest, jf. barnehagelova § 30, må leggast fram ved tiltreding, men skal ikkje følge med søknaden.
Personlege eigenskapar
- motiverande, kreativ og initiativrik i samspel med barn i leik og læring, ute og inne.
- vere den trygge vaksne som gir barn forutsigbarheit, varme og omsorg.
- ha evne til å utforske og undre seg saman med barn.
- gode samarbeidsevner og god relasjonskompetanse.
- godt humør og positivt menneskesyn.
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- eit profesjonelt fellesskap der vi fokuserer på motivasjon, medverknad og meistring i barnehagemiljøet
- eit ope og inkluderande arbeidsmiljø der dei tilsette samarbeider
Tilsettinga er etter vilkår av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Sør-Fron kommune søker også etter vikarar på tilkalling til barnehage og skule. Sjå eigen annonse på kommunen sine heimesider.
Kontaktinformasjon
Mette Gjefsen, Styrer Liene barnehage, 97 71 94 41, mette.gjefsen@sor-fron.kommune.no
Liv Randi Sundhagen, Styrer Harpefoss barnehage, 48124885, liv.randi.sundhagen@sor-fron.kommune.no
Arbeidssted
Kommunevegen 1
2647 Sør-fron
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Sør-Fron kommune
Referansenr.: 4947272988
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 23.04.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Sør-Fron kommune orgnr: 974571323 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Sør-Fron kommune ligg midt i Gudbrandsdalen og har om lag 3.100 innbyggjarar. Kommunen sitt næringsliv er i hovudsak jord- og skogbruk, reiseliv og offentlege tenester. I kommunen er det frå hausten 2026 ein 1.-10.-skule, ein leirskole og to barnehagar. E6 går tvers gjennom bygda. Eit unikt kulturlandskap i dalsidene er bygda sitt særpreg. Sør-Fron er langstrekt og breier seg ut på båe sider av Laugen. Her er det store fjellområde med svært gode moglegheiter for jakt-, fiske- og naturopplevingar. I kvar sin ende av kommunen ligg nasjonalparkane Rondane og Langsua med urørt natur. I Sør-Fron kan du besøke Hundorp, Dale-Gudbrands gard, der Heilag-Olav kristna dølane i 1021 og gå Pilegrimsleia gjennom eit av landets mest særskilte kulturlandskap. Etterpå kan du lade batteria i Fron badeland, eller besøke den åttekanta Sør-Fron kyrkje – Gudbrandsdalsdomen frå 1792. Du kan få gode kultur- og matopplevingar på kulturgardane våre, overnatte i trolske omgivnader i Elgtårnet i Espedalen eller på fjellhotella våre. Elles kan du legge skituren til Gålå om vinteren eller sjå Ibsens «Peer Gynt» ved Gålåvatnet om sommaren. Velkome åt Sør-Fron! Sør-Fron kommune ønsker ikkje å bli kontakta av annonseselgarar. Namn, adresse, alder og stilling på søkjarar blir offentleggjort etter søknadsfristens utløp ihht. offentleglova. Søkjarar som ønskjer konfidensiell behandling, må grunngje dette spesielt i søknaden. |
Webside | http://www.sor-fron.kommune.no/ |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | SØR-FRON (Adresse: Kommunevegen 1 Postnr: 2647) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 3 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 23-04-2025 |