Barnehagelærarvikariat – Osterøy kommune

Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare

(20 timer siden)

  • HAUS
  •  Lagt til dato: 31. oktober 2024
  •  Expire date: 10. november 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 31-10-2024
Deadline: 10-11-2024

 

Barnehagelærarvikariat

Om stillinga

Haus barnehage ligg i naturskjønne omgjevnader ved Mjeldavatnet i Haus på Osterøy berre 15.min køyretur frå Arna. Langs vatnet ligg barnehagen i rein idyll, kor vi har ein unik mogleghet til å følge både årstider og naturens rike liv. Saman med barna opplever vi verda på nytt og det å få utforska fjæra, helsa på ørna som er næraste nabo, eller kjenne på korleis straumen i vatnet tar oss med på sin ferd gjennom Coasterringen, gjer nettopp vår barnehage til ein heilt unik plass å vera.

Vi har ein fin og variert leikeplass med bålhus, i tillegg til eit skogområde vi disponerer med lavvo på Åsheim. Hit går dei eldste barna regelmessig på tur.

I Haus barnehage set vi det relasjonelle arbeidet høgt og praktiserer ein atoritativ vaksenrolle kor det å være ein varme tydelege vaksne vert vektlagt. Vi jobbar kontinuerleg med å utvikle oss og utviklingsfokuset den siste tida har vore knytt til leik- og læringsmiljø og bevegelse, leik og utforsking.

Barnehagen består av to småbarnsavdelingar og to storbarnsavdeling med til saman 62 barn og 19 tilsette.

Grunna svangerskapspermisjon har vi ledig ein 100% vikarstilling som barnehagelærar med tiltredelse 09.desember eller etter nærare avtale med leiar. Vikariatet varer ut barnehageåret med moglegheiter for forlenging.

Arbeidsoppgåver

  • Samarbeide tett med andre pedagogar og delta aktivt i utvikling av vårt pedagogiaske tilbod.
  • Ansvar for å planlegge, leggja til rette, organisere, gjennomføre og evaluere det pedagogiske tilbodet til barna i tråd med Rammeplanen.
  • Støtte og vere til stades for barn i leik og alvor.
  • Arbeide systematisk for å sikre eit godt og nært foreldresamarbeid.
  • Bidra til godt arbeidsmiljø og bidra i kollektiv kompetanseutvikling i barnehagen.
  • Vere ein god rollemodell og kunne rettleie kollegaer i det pedagogiske arbeidet.
  • Skriftlig arbeid, til dømes planarbeid og individuell utviklingsplan for enkeltbarn.
  • Delta i daglege gjeremål på avdelingane og ha medansvar for samarbeid mellom avdelingane og personalet.

Hos oss får du

  • Moglegheit for fagleg utvikling og tett samarbeid mellom kollegaer.
  • Godt arbeidsmiljø og du blir ein del av ein lærande organisasjon.
  • Dedikerte, engasjerte og positive kollegaer.
  • Ein arbeidsplass med naturen rett utenfor døra.
  • Ein arbeidsstad som er inkluderande arbeidsliv (IA) bedrift.

Kvalifikasjonskrav

  • Vi søkjar primært deg som har bachelorutdanning som barnehagelærar, men har du anna pedagogisk høgare utdanning vil vi gjerne høyre frå deg.
  • Har du i tillegg grunnleggande gode datakunnskaper, interesse for språkarbeid, pedagogisk dokumentasjon og utviklingsarbeid, er det gjerne nettopp deg vi ønskjer å kome i kontakt med.
  • Det er eit krav med gode norrskkunnskaper, både munnleg og skriftleg.

Kven er du?

  • Du er fagrleg sterk og evner å setje om planar til praksis.
  • Du let barna medverke i val av pedagogisk innhald, og er god i leik og samspel med barna.
  • Du evner å ha overblikk over barnegruppa og skape inkluderande fellesskap.
  • Du er engasjert og god på å samarbeide og kommuniser med foreldre og kollegaer.
  • Du bidrar til større fagleg utvikling i heile personalgruppa.
  • Du er positiv, fleksibel og utprega løysingsorienter.
  • Du er lojal og bevisst din profesjonelle rolle

Offentleg tenestepensjon

I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide – og livet ut! 

Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar! 

Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg! 

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Osterøy kommune orgnr: 975319008
Kort om arbeidsgiver

Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.  

Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy. 

I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.  

Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.  

Webside https://www.osteroy.kommune.no/
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted HAUS (Adresse: Votlavegen 31 Postnr: 5286)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 10-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/37cead42-32d4-4a1c-a7a5-ae2a944e709c
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/270140