Stillingsbeskrivelse

Published 23-10-2024
Deadline: 04-11-2024

 

Barnehagelærar, fagarbeider eller assistent med hjarte for leik, læring og latter!

Stilling ledig: BarnehagelærarfFagarbeidar eller assistent med hjarte for leik, læring og latter!

Tilsetting: Etter avtale, engasjementet varer fram til 01.08.25. Kan bli lengre !

Er du ein engasjert og omsorgsfull person som brenn for å bidra til barna si utvikling og trivsel? Vi søkjer etter ein dyktig og positiv person til vårt team. Barnehagen vår har om lag 20 tilsette, og vi legg vekt på eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø for barna.

Er du den som smiler når du ser glitterlim og tusjar ligge klart til bruk? Kan du skape magiske augneblink med ein stor dose fantasi, og samtidig halde kontroll på små, men svært ivrige forskarar som utforskar verda rundt seg? Då kan det vere akkurat deg vi ser etter! Vi søkjer ein person med både glimt i auget og hjarte for barna si utvikling.

Vi ser etter deg som:

  • Har eit sterkt ynskje om å jobbe i barnehage

  • Brenn for å leggje til rette for leik og læring i samsvar med kvart barns individuelle behov.

  • Evnar å kommunisere godt med både barn, kollegaer og foreldre.

  • Ser moglegheiter i kvardagen, er løysingsorientert, fleksibel og trivst med varierte oppgåver.

  • At du kan by på deg sjølv, at du liker sang, dans og musikk

  • Du må like å være ute i all slags vær

  • Du må ha god relasjonskompetanse og samarbeidsevne.

  • At du har relevant erfaring frå arbeid i barnehage

  • Vi har eit ungt miljø i barnehagen så gjer absolutt ingentingting om du er vaksen 🙂

Vi tilbyr:

Eit varmt og inkluderande arbeidsmiljø: Du blir ein del av eit team som støttar kvarandre, ler saman, og jobbar for felles mål – å gje barna den beste oppveksten.

Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling: Vi legg til rette for kurs, faglege nettverk, vi jobbar mykje med kollektive læreprosessar i barnehagen.

Ein variert og spennande arbeidskvardag: Ingen dag er lik!

Fleksibilitet og høve til å påverke: Vi set pris på dine innspel og idear til korleis kvardagen i barnehagen kan bli enno betre, rett og slett barnehagemagi !

Konkurransedyktig lønn: Lønn og pensjon etter PBL tariff.

Ein stad for trivsel og glede: Vi legg stor vekt på glede, humor og omsorg, både for barna og dei tilsette. Godt arbeidsmiljø !

Barnehagen vår er ein trygg og kjærleg stad der vi vektlegg leik, læring og omsorg i alt vi gjer. Her får du moglegheita til å vere ein del av eit engasjert og humørfylt team som kvar dag jobbar for å gje barna den beste starten på livet. Ingen dag er lik, og det som gjer jobben unik, er dei små augneblinka der barna oppdagar noko nytt – anten det er gjennom leik i skogen, ei teikning som plutseleg blir eit meisterverk, eller ein samtale om kvifor regnbogen har så mange fargar.

Høyrest dette ut som noko for deg? Vi ser fram til å få deg med på laget!

På vår heimeside kan du lese meir om barnehagen vår 🙂

I søknaden må du legge ved referanse 🙂

Framside

Søknadsfrist: 10.11.24

Send søknad til:

trude@prestebakken.no

Prestebakken barnehage

kyrkjevegen 30 D

6809 Førde

Mail: trude@prestebakken.no

48110069

Velkomen til å bli ein del av vårt fantastiske team, der vi saman skapar magi i kvardagen for barna!

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Prestebakken Barnehage orgnr: 972239747
Kort om arbeidsgiver

Perstebakkane barnehage i Førde er ein privat barnehage med om lag 20 tilsette. Barnehagen legg vekt på å skape eit trygt og godt miljø for barna, med eit fokus på utvikling, leik og læring. Dei tilsette er engasjerte og dyktige, og jobbar for å gi barna ei god barndomstid prega av omsorg, trivsel og læring. Barnehagen tilbyr plassar for born i ulike aldersgrupper og har eit sterkt samarbeid med foreldre for å sikre barnas beste.

Webside https://prestebakken.no/
Bransje Utdanning
Yrke Førskolelærer
Sted FØRDE (Adresse: Kyrkjevegen 30 D Postnr: 6809)
Stillingstype Engasjement Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 04-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d60641b3-a218-4903-9178-e70e69a03a05
Stillingsregistrering