Stillingsbeskrivelse

Published 19-12-2024
Deadline: 10-01-2025

 

Barne- og ungdomsarbeidar – Hauge barnehage

Om stillinga

Hauge barnehage er den nyaste barnehagen på Osterøy og ligg fint til på Hauge. Vi har to småbarnsavdelingar og to storbarnsavdelingar, til saman 75 barn og 22 tilsette. Vi har eit stort og flott uteområde med variert terreng og bålhytte, eigen lavvo og kort veg til fine turområder.

Ei av våre dyktige tilsette sluttar og vi har difor ledig ein fast 100% stilling som barne- og ungdomsarbeidar frå 11.mars 2025.

I Hauge barnehage vil du vere ein del av eit inkluderande og engasjert miljø som er opptatt av å skape ein trygg og meiningsfull kvardag for barna. Ei viktig oppgåve som tilsett hos oss er evne til å byggje gode relasjonar gjennom å møte alle barn med varme og tydelege forventningar.

Vi vektlegg gode leike- og læringsmiljø inne og ute, og gir barna rike naturopplevingar som inspirasjon for leik og læring gjennom året. 

I vår barnehage vil du møte kollegaer som brenn for jobben sin og trivst godt saman. For oss er det viktig å skape eit godt arbeidsmiljø og spele på lag med kvarandre. 

Vi ser etter deg som er genuint opptatt av barn, og som har eit ønskje om å vere med å bidra i det gode arbeidet vi gjer!

Arbeidsoppgåver

  • Delta i å planlegge, tilrettelegge, organisere, gjennomføre og evaluere det pedagogiske tilbodet til barna i tråd med rammeplanen 
  • Leggje til rette for barns leik, og ta ein aktiv rolle i leik og aktivitetar 
  • Støtte og vere til stades for barn i leik og alvor 
  • Samarbeide med foreldre kvar dag 
  • Delta i daglege gjeremål på avdelingane og ha medansvar for samarbeid mellom avdelingane og personalet

Kvalifikasjonskrav

  • Det er ønskjeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Har du ikkje fagbrev men relevant erfaring frå liknande arbeid, ønskjer vi likevel å høyre frå deg! 
  • Grunnleggande datakunnskaper 
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg, jf. Barnehagelova §27 
  • Det er krav om politiattest ved tiltreding jf. Barnehagelova §30. Attesten kan ikkje vera eldre enn 3mnd.

Kven er du?

  • Du ser kvart enkelt barn og er god i leik og samspel med barna
  • Du er ein trygg vaksen som er til stades og støtter barna når dei treng det
  • Du samarbeidar godt med foreldre og kollegaer 
  • Du evner å få overblikk, ta initiativ og vise engasjement 
  • Du er positiv, fleksibel og utprega løysingsorientert

Vi tilbyr

  • Fagleg utvikling og tett samarbeid mellom kollegaer
  • Godt arbeidsmiljø og ein utviklingsorientert organisasjon 
  • Dedikerte, engasjerte og positive kollegaer 
  • Tariffløn, offentleg pensjonsordning og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk 
  • Ein arbeidsstad som er inkluderande arbeidsliv (IA) bedrift

Offentleg tenestepensjon

I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide – og livet ut! 

Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar! 

Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg! 

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Osterøy kommune orgnr: 975319008
Kort om arbeidsgiver

Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.  

Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy. 

I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.  

Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.  

Webside https://www.osteroy.kommune.no/
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage- og skolefritidsassistenter
Sted VALESTRANDSFOSSEN (Adresse: Haugo 56 Postnr: 5281)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 10-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/85ff866a-ee60-4b2e-b561-31751dc6bc7f
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/272912