Barne og ungdomsarbeidar – fast – Kvinnherad kommune Myrane barnehage
Education Barnehage og skolefritidsassistenter(2 uker siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 09-12-2024
Deadline: 31-12-2024
Barne og ungdomsarbeidar – fast
I Myrane barnehage treng me fleire tilsette og no lyser vi ut etter fagarbeidar. Stillinga er i 100% og er fast i frå 1. mars 2025.
Er du den nye kollegaen vår? Brenn du for den gode barndommen? Ynskjer du å gjera ein forskjell? Vi søker etter kollegaer som har barnet og den gode barndommen i fokus.
Satsingsområdet vårt er språk og inkludering, med eit spissa fokus på eit godt psykososialt barnehagemiljø og vaksenrolla(den autoritative vaksne). I arbeidet vårt med å oppnå målsetjingane våre er leiken, barns medverknad, språk, gode relasjonar, gode felles opplevingar, og den autoritative vaksne rolla (varme og grensesettande vaksne) kjerne element.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging og støtte av barn/enkeltelevar/grupper
- Utviklingsarbeid i samsvar med overordna planar
- Delta i planlegging, gjennomføring og vurdering av aktivitetar/opplegg i samråd med pedagog
- Aktivitetar utanfor arbeidsplassen, til dømes ekskursjonar og turar
Kvalifikasjonar
- Ynskjeleg med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget
- Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning
- Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge
Personlege eigenskapar
- Er tydeleg og konsekvent som vaksen ovanfor barn og unge
- Er lærevillig og utviklingsorientert
- Bør ha gode samarbeidsevner, er positiv og møter kollegaer, barn, foreldre/føresette med respekt og forståing
- Er positiv, lojal og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Generell god helse
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
- Gratis SFO og reduserte barnehageprisar
- Inga eigedomsskatt
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO