Barne- og ungdomsarbeidar, 40% fast (skule og SFO) – Gulen kommune

Education Barnehage og skolefritidsassistenter

(1 dag siden)

  • BREKKE
  •  Lagt til dato: 18. september 2024
  •  Expire date: 2. oktober 2024
Stillingsbeskrivelse

Published 18-09-2024
Deadline: 02-10-2024

 

Barne- og ungdomsarbeidar, 40% fast (skule og SFO)

Om stillinga 

Brekke barnehage og skule har ledig 40% fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande frå 01.11.2024. Stillinga er i hovudsak knytt til arbeid ved skule og SFO, men arbeid i barnehage kan verte aktuelt ved behov. 

Me søkjer etter ein fagperson som ynskjer å bidra til eit godt læringsmiljø ved eininga. Du vil få arbeidsoppgåver knytt til mindre grupper og enkeltelevar.

Brekke barnehage og skule består av 1- 10- skule og to barnehageavdelingar. Barnehagen held til i nybygde lokale. Sjå www.brekke.skule.no for meir informasjon, bilete, årsplanar osb. 

Arbeidsoppgåver 

  • Medverke til at eininga er ei god pedagogisk verksemd
  • Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med barnet/borna
  • Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaludering og vurdering i verksemda
  • Andre oppgåver kan kome til ved behov

Kvalifikasjonar 

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande kompetanse. Søkjarar utan godkjent utdanning kan verte vurdert for mellombels tilsetjing
  • Gode norskkunnskapar – både munnleg og skriftleg
  • Gyldig politiattest 

Personlege eigenskapar 

  • Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
  • Er strukturert, men likevel kunne vere spontan i møtet med borna
  • Fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering 
  • Løn etter tariff 

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Gulen kommune orgnr: 914309506
Kort om arbeidsgiver

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.  

Webside https://www.gulen.kommune.no/
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage- og skolefritidsassistenter
Sted BREKKE (Adresse: Yndesdalsvegen 2719 Postnr: 5961)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 02-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/cbdeb0b6-024c-4b4f-a784-b8dd13bbc899
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/268066