Badevakter – Oppvekst og kulturetaten, Kulturavdelinga
Security and readiness Vakt sikrings og kontrollarbeid(3 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 02-07-2024
Deadline: 28-07-2024
Badevakter
Vi har ledige stillingar i inntil 270 % som badevakt i Ulsteinbadet. Faste stillingar og vikariat. Vi har også behov for fleire tilkallingsvikarar. Det er ønskeleg at aktuelle kandidatar kan starte raskt. På grunn av dette kan søknadar bli vurdert fortløpande.
Vi har også behov for servicevertar, sjå eiga stillingsannonse.
Alle søkjarar må vere fylt 18 år i løpet av året.
Arbeidsoppgåver
Badevaktene har ansvar for besløkande si sikkerheit og trivsel i Ulsteinbadet. Badevaktene har i tillegg
ansvar for å sjekke kvaliteten på badevatnet, utføre reinhald i badeanlegget og anna forefallande arbeid.
Arbeidstid er dagtid, kveldstid og helg, i turnus.
Kvalifikasjonar
Gode symjeferdigheiter og kunnskap i høve livreddande førstehjelp. Den som vert tilsett må gjennomføre
kurs og bestå prøve.
Personlege eigenskapar
Badevaktene må vere i god fysisk form, ein må like å arbeide i team, vere flink med folk, ha godt humør og ikkje vere redd for å seie frå når det trengs.
Vi tilbyr
Triveleg arbeidsmiljø, gode kollegaer, løn etter kvalifikasjonar og kommunale regulativ.
Kontaktinformasjon
Annika Brandal, Kulturkonsulent/driftsleiar anlegg, 40840900
Leif Per Ringstad, Kultursjef, 47301332
Arbeidsstad
Vikemyra 2
6065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Oppvekst og kulturetaten
Referansenr.: 4826037947
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 28.07.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Oppvekst og kulturetaten, Kulturavdelinga orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida. |
Webside | www.ulstein.kommune.no |
Bransje | Sikkerhet og beredskap |
Yrke | Vakt-, sikrings- og kontrollarbeid |
Sted | ULSTEINVIK (Adresse: Vikemyra 2 Postnr: 6065) |
Stillingstype | Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 28-07-2024 |