Avdelingsvert ved Lom helseheim – Lom kommune
Sales, retail and retail trade Renholdere og renovasjon(4 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 14-01-2025
Deadline: 26-01-2025
Avdelingsvert ved Lom helseheim
Ledig stilling som avdelingsvert ved Lom helseheim.
Er du serviceinnstilt? Trivst du med å jobbe med menneske og ynskjer å gjere ein forskjell i andre sin kvardag?
Om dette høyrest ut som deg, vil vi gjerne høyre frå deg.
Hva vi ser etter
Kvalifikasjonskrav:
• Personleg eigna for stillinga
• Ingen formell utdanning er påkrevd, men du må vera over 18 år
• God evne til å kommunisere på norsk, både munnleg og skriftleg
• Ynskje med erfaring frå liknande arbeid, men ikkje eit krav
• Politiattest nyare enn 3 månader må dokumenterast
Fylgjande blir vektlagt:
• Evne til å være fleksibel og tilpasse seg varierte oppgåver og skiftande behov på Lom helseheim
• Strukturert og ansvarsfull
• Vilje og evne til å lære nye ting
• Evne til å handtere ulike situasjonar med ro og profesjonalitet
• Er empatisk, imøtekommande
• Har fokus på service og evne til å skape positive opplevingar for pasientar og besøkande
• Gode evner i kommunikasjon med pasientar/pårørande og kollegaer
• Er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Arbeidsoppgaver
-
Ordne til og klargjere måltidane frukost, lunsj og middag til pasientane (maten vert laga på eiget institusjonskjøken).
-
Hjelpe til med å følgje pasientane til/frå måltida
-
Bistå pasientane med tilrettelegging og hjelp ved måltidet
-
Utføre lettere praktiske oppgåver som klargjering av pasientrom, fylle på hyller og skap på lager og pasientrom, halde i orden skylerom
-
Gå ned med skittentøystralle
-
Halde orden i fellesområde på avdelingane
-
Sosialt samvær/aktivisering med pasientane
Vi tilbyr
-
Et inkluderande, støttande og godt arbeidsmiljø
-
Dyktige og engasjerte kollegaer
-
Varierte arbeidsoppgåver
Lom helseheim søkjer ein engasjert og imøtekommande avdelingsvert. Som avdelingsvert vil du vera ein viktig del av vårt team, der du bidreg til eit triveleg og trygt miljø for pasientane, pårørande og besøkande.
Kommunale tilsetjingsvilkår.
Namn på søkjarar vil bli gjort offentleg.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Lom kommune orgnr: 975269744 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Ynskjer du å bu og arbeide midt i vill natur og høge fjell, med tur-, jakt- og fiskemoglegheiter rett utanfor døra? Likar du frisk luft og god plass? Vil du jobbe ein dag, og gå opp på Galdhøpiggen den neste? Då er Lom kommune staden for deg! Kom til Lom for å bu og arbeide i ei kommune med fokus på moglegheiter, utvikling og inkludering. Kom til oss! |
Webside | https://www.lom.kommune.no/ |
Bransje | Salg og service |
Yrke | Renholdere og renovasjon |
Sted | (Adresse: Postnr: ) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Etter avtale |
Søknadsfrist | 26-01-2025 |