Avdelingssjef – Ortopedisk avdeling, Helse Førde

Sales, retail and retail trade Personlig tjenesteyting

(5 dager siden)

  • FØRDE
  •  Lagt til dato: 17. desember 2024
  •  Expire date: 12. januar 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 17-12-2024
Deadline: 12-01-2025

 

Avdelingssjef

Vi har ledig stilling som avdelingssjef for Ortopedisk avdeling i Helse Førde. 

Vi søkjer ein handlingsorientert avdelingssjef som kan leie arbeidet med å utvikle avdelinga gjennom å skape entusiasme for utviklingsarbeid og endring. Avdelinga er ei av 7 avdelingar i kirurgisk klinikk. 

Det er god breidde i det ortopediske tilbodet i Helse Førde, med fast tilsette overlegar innan alle fagfelta. Avdelinga har aktivitet ved sjukehusa i Førde, Lærdal og Eid. 
Fast arbeidsstad for avdelingssjefen er Førde sentralsjukehus. Ein må pårekne noko reisetid til lokalsjukehusa.

Førde sentralsjukehus har tilbod innan følgjande område:

  • Traumatologi
  • Handkirurgi
  • Skulderkirurgi
  • Protesekirurgi – hofte, kne, skulder
  • Fot-/ankelkirurgi
  • Ryggkirurgi

Ved Lærdal sjukehus er det i all hovudsak elektiv ortopedi innan kne- hofte- skulder- fot og handkirurgi. På Nordfjord sjukehus har vi dagkirurgi og skadepoliklinikk. Avdelinga har 15 faste overlegar, sju LIS3 og 16 LIS1. LIS1 tenestegjer både i kirurgisk- og ortopedisk avdeling. Ortopedisk sengepost i Førde har 26 senger, og i Lærdal har vi sengepost med 12 senger.  

Innflytting i nytt sjukehusbygg hausten 2024 med m.a. ny sengepost, poliklinikk og 10 nye operasjonsstover vil stille store krav til den som vert tilsett i forhold til leiing og omstillingsevner. 

Vi er ute etter ein person som kan tenkje heilskapleg og utføre jobben med Helse Førde sitt beste som mål. Samhandling med andre avdelingar er viktig for å få til god drift både i sengeposten, poliklinikkane og operasjonsavdelinga.

Avdelingssjefen rapporterar til direktør for Kirurgisk klinikk og deltar i leiargruppa hans.

Kvinner vert oppmoda om å søkje.

Tiltreding snarast.

Arbeidsoppgåver

  • Avdelingssjef har overordna ansvar for fag, økonomi og personal
  • Avdelingssjef samarbeider tett med seksjonsleiarane i avdelinga
  • Internkontroll og verksemdstyring (pasienttryggleik, arbeidsmiljø og ressursstyring)
  • Strategi og utviklingsarbeid – spesielt tenesteutvikling i samband med nye Førde sjukehus
  • Koordinere aktivitetar og oppgåver på tvers av seksjonane i avdelinga
  • Samhandling internt og eksternt med andre avdelingar og samarbeidsaktørar
  • Ansvar for fagleg utvikling av dei tilsette og å leggje til rette for forsking
  • Aktiv deltaking i klinikken si leiargruppa med eit overordna perspektiv på klinikken sine oppgåver og utvikling 

Kvalifikasjonar

  • Helsefagleg bakgrunn på minimum bachelornivå. Særs relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
  • Relevant leiarutdanning og leiarerfaring er ønskjeleg
  • Erfaring frå prosjekt- og endringsarbeid er ønskjeleg
  • Erfaring frå samarbeid på tvers av yrkesgrupper, avdelingar og frå partssamarbeid er ein fordel
  • Gode evner til saksførebuing og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner for å skape eit godt fag- og arbeidsmiljø
  • Evne til å gjere andre gode, er engasjert og engasjerer andre
  • Tydeleg og strukturert som leiar, og har ein inkluderande leiarstil 
  • Resultat- og løysingsorientert
  • Analytisk, strategisk og innovativ (nytenkjande og framtidsretta)
  • Bidrar til å skape eit godt, trygt og lærande arbeidsmiljø
  • Lojal mot overordna mål og styringssignal i klinikken/føretaket
  • Personlege eigenskapar og motivasjon vert vekta høgt.

Vi tilbyr

  • Fagleg og personleg utvikling
  • Leiarutviklingsprogram
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Utfordrande og spennande stilling i samspel med mange engasjerte og dyktige kolleger

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Bjørn Morten Øen, Klinikkdirektør, +47 902 06 100

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 4890478822
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ortopedisk avdeling, Helse Førde orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Webside https://www.helse-forde.no/
Bransje Salg og service
Yrke Personlig tjenesteyting
Sted FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 2 Postnr: 6812)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 12-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6cbab33f-35ed-4a5e-ad84-38137aa577d7
IMPORTAPI