Avdelingsleiar – Velferdssenteret Radøy  – Alver kommune

Sales, retail and retail trade Personlig tjenesteyting

(4 uker siden)

  • MANGER
  •  Lagt til dato: 28. oktober 2024
  •  Expire date: 9. november 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 28-10-2024
Deadline: 09-11-2025

 

Avdelingsleiar – Velferdssenteret Radøy 

Velferdssenteret

Velferdssenteret ligger flott plassert på Manger og har plass til 38 pasienter. Sjukeheimen har både langtidsplasser for personar med demens og somatisk sjukdom og korttidsplassar, inkludert 3 plasser for palliasjon.

Hos oss møter du eit godt faglig miljø beståande mellom anna av lege, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og pleiemedhjelparar. Vi har eige kjøkken og reinhaldspersonale. 

Vår dyktige avdelingsleiar skal ut i permisjon, og  vi søkjer derfor ein avdelingsleiar i ett års vikariat. 

Oppstart snarast. 

Arbeidsoppgåver

Vi ønskjer oss ein leiar som kan bidra til å skape eit trygt og engasjerende arbeidsmiljø. Som leiar vil du har heilskapleg ansvar for drift av avdeling, under dette ansvar for personal, HMS , fag og økonomi. 

Dine hovedoppgåver vil vere: 

  • Sikre eit høgt fagleg nivå på tjenestetilbodet.
  • Følgje opp dei vedtekne økonomiske rammene for avdelinga.
  • Planlegge og gjennomføre fagleg utviklingsarbeid sammen med personalet. 
  • Systematisk følgje opp avvik og sikre implementering av forbetringsarbeid blant dei tilsette. 
  • Sikre godt samarbeid med pårørande. 

VIdare til du arbeide systematisk med lokale arbeidsmiljøgrupper for å sikre et godt partssamarbeid mellom leiar, vernetjenesta og tillitsvalde, godt arbeidsmiljø og gode tenester. Du vil følge opp verksemdsplanar og delta aktivt i utviklingsprosesser 

Personlege eigenskap

Vi søker ein engasjert og omsorgsfull leiar som brenn for trygg og god eldreomsorg. Du er ein inspirerande rollemodell som motiverer teamet ditt og fremjer dialog og samarbeid. Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og er ein trygg relasjonsbyggar. Som person er du løysingsorientert og du trivst i ein travel og tidvis uforutsigbar arbeidskvardag. 

Du er ansvarsmedviten, stabil og lojal, med eit heilskapleg perspektiv på avdelinga og verksemda. Du deler og formidlar kunnskap på ein trygg og god måte, og har evna til å arbeide både sjølvstendig og i team. Ditt faglege engasjement og målretta arbeidsmetode bidreg til eit inkluderande , positivt og raust arbeidsmiljø.

Kompetansekrav

  • Offentlig godkjent sjukepleiar
  • Utenlandske søkjare må ha bestått B2 test 
  • Erfaring fra arbeid i kommunehelsetenesta

    I tillegg ønskjer vi at du har: 

  • Leiarerfaring 
  • Erfaring frå arbeid med turnus
  • God økonomiforståing

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Pensjonsordning i KLP
  • Ei leiargruppe som samarbeider, støtter og utfordrar kvarandre

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Alver kommune orgnr: 988240818
Kort om arbeidsgiver

Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 4 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. 

Sjukeheimstenesta har totalt 175 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning. I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og ressursbank organisert i sjukeheimstenesta. 

Webside https://www.alver.kommune.no/
Bransje Salg og service
Yrke Personlig tjenesteyting
Sted MANGER (Adresse: Idrettsvegen 2 Postnr: 5936)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 09-11-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/b186c818-770e-4d34-87c4-236dcfe1cfe3
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/270025