Stillingsbeskrivelse
Published 17-03-2025
Deadline: 20-04-2025
Avdelingsleiar teknisk drift
Er du ein inspirerande leiar med engasjement for teknisk drift og utvikling? Fyresdal kommune søker etter ein avdelingsleiar til teknisk drift, som vil spele ei sentral rolle i vidareutviklinga av eit aktivt og berekraftig lokalsamfunn. Vi ser etter deg som har både fagleg tyngde og som har eit ynskje om å bidra til vekst, utvikling og trivsel i kommunen.
Arbeidsoppgåver
Fag:
- Ansvarleg for kommunale tenester lagt til avdelinga
- Kompetanseutvikling og opplæring av tilsette
- Omstillings- og utviklingsarbeid i avdelinga
- Samhandling på tvers av avdelingar
- Dagleg drift av avdelinga
- Politisk saksbehandling innanfor sektor og avdeling
- Rapportering
- Kvalitetssystem og internkontroll i avdelinga
Personal:
- Personalansvar for tilsette i sektoren
- Ansvar for å handtere saker på HR-området innanfor avdelinga
Økonomi:
- Økonomisk ansvar for drift innanfor dei rammer som er tildela avdelinga
- Rapportering etter gjeldande prinsipp
Arbeidsoppgåver og stillingsnemning kan bli endra.
Kvalifikasjonar
- Relevant arbeidsefaring/utdanning innanfor fagområde i avdelinga sitt ansvarsområde.
- Førarkort kl. B.
- Kjennskap til og forståing for bruk av dataverktøy.
- Gode kommunikasjonsferdigheiter.
Personlege eigenskapar
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsettinga. Du bør vere ein engasjert leiar som trivst i ein utviklingsorientert organisasjon. Du bør ha gode samarbeidsevner og evne til å tilpasse deg endringar.
Vi tilbyr
- Løn etter avtale, basert på utdanning og erfaring.
- Pensjonsordning i KLP med 2 % innskot.
- Ein framoverlent kommune med store ambisjonar for sitt lokalmiljø.
Kontaktinformasjon
Halvor Homme, Kommunlsjef plan og teknikk, +47 90 77 75 75
Arbeidsstad
Klokkarhamaren 6
3870 Fyresdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fyresdal kommune
Referansenr.: 4938298936
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.04.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Sektor plan og teknikk, Fyresdal kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver | Dei overordna satsingsområda for Fyresdal kommune er bulyst og næringsutvikling. Vekst og vilje bind desse to satsingsområda saman og skal gje gjennomføringskraft i alt som skjer i Fyresdal. Fyresdal kommune er ein kommune med vilje til å prøve, vilje til å endre, vilje til å utvikle, vilje til å prioritere, og vilje til å skape eit levande bygdesamfunn. Denne viljen skapar den veksten bygdesamfunnet har behov for. |
Webside | https://www.fyresdal.kommune.no/ |
Bransje | Salg og service |
Yrke | Personlig tjenesteyting |
Sted | FYRESDAL (Adresse: Klokkarhamaren 6 Postnr: 3870) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 20-04-2025 |