Stillingsbeskrivelse

Published 31-10-2024
Deadline: 14-11-2024

 

Avdelingsleiar ressurssenter

Vil du vere med å utvikle vidaregåande opplæring for vaksne?

 
Vi leitar etter deg som vil vere med å leie det viktige arbeidet med å få fleire vaksne til å fullføre vidaregåande opplæring.  Vidaregåande opplæring for vaksne er eit nasjonalt satsingsområde.
 
Fylkeskommunen skal ha fire regionale senter for vidaregåande opplæring for vaksne frå hausten 2025.
Som avdelingsleiar får du vere med å utvikle tilbodet i regionen. Du får jobbe tett saman med skoleeigar og dei andre avdelingsleiarane for å utvikle eit fleksibelt tilbod som gjer at fleire vaksne fullfører vidaregåande opplæring og får varig tilknyting til arbeidslivet.

Arbeidsoppgåver

  • leie ressurssenteret og utvikle tilbodet for vaksne i regionen
  • saksbehandle (kartlegging, realkompetanse- og rettsvurdering)
  • utarbeide individuelle opplæringsplaner for deltakarar
  • ressursplanlegging
  • økonomi og budsjettansvar
  • samarbeid med interne og eksterne aktørar og ulike nettverk i regionen

Det kan bli endring i arbeidsoppgåvene.

Kvalifikasjonar

  • relevant høgare utdanning 
  • relevant erfaring, gjerne leiarerfaring
  • kjennskap til og innsikt i vidaregåande opplæring for vaksne
  • digital kompetanse
  • gjerne kjennskap til skoleadministrative system
  • god kommunikasjonsevne, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

Vi vil legge vekt på at du

  • kan ta sjølvstendig initiativ og samarbeide tett med både interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • liker å arbeide med mennesker
  • evner til å ta tak i nye oppgåver og lage system og rutiner for arbeidsprosessar
  • har strategisk evne og utviklingsdriv
  • kan skape gode relasjonar og engasjement
  • har god gjennomføringsevne og høg arbeidskapasitet
  • er løysingsorientert, strukturert, effektiv og handlekraftig

Vi tilbyr

  • ei viktig leiarstilling på eit arbeidsfelt i endring og utvikling
  • å vere del av leiargruppa på skolen og bli ein del av eit team med leiarane frå ressurssentra og skoleeigar
  • offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • løn etter avtale

Anna

Det kan bli noko reising, og det er derfor ønskeleg at du har sertifikat og disponerer eigen bil.

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.

Den som blir tilsett må levere politiattest.

Kontaktinformasjon

Bjørnar Sæterås, Rektor, +47 47344491

Arbeidsstad

Holmegata 14
6153 ØRSTA

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 4866634549
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ørsta vidaregåanda skule, Møre og Romsdal fylkeskommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Om skulen (orsta.vgs.no)
Ørsta vidaregåande skule er eit naturleg sentrum for yrkesutdanninga på Søre Sunnmøre. Med kompetente og dyktige tilsette arbeider skulen vår for at du som elev skal oppleve å lukkast i utdanninga. Skulen er ein av dei mest tradisjonsrike yrkesskulane med ei unik historie over 75 år, der vi utdannar yrkesutøvarar i fylket, nærmiljøet og regionen.

Vi er rundt 300 elevar og eit 80-tals tilsette fordelt på seks utdanningsprogram:

 

Skulen er ikkje større enn at vi har høve til å bli godt kjent med kvarandre i skulekvardagen. Det å kjenne seg trygge på kvarandre gir rom for ein tett relasjon mellom elev og lærar, noko vi veit er avgjerande for at skulen skal vere ein stad der læring skjer.

Webside https://orsta.vgs.no/
Bransje Salg og service
Yrke Personlig tjenesteyting
Sted ØRSTA (Adresse: Holmegata 14 Postnr: 6153)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 14-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ab978c3f-b7df-48d7-8ed2-fd080bfd479f
IMPORTAPI