Stillingsbeskrivelse

Published 18-12-2024
Deadline: 19-01-2025

 

Avdelingsleiar psykisk helse og rus – 100% fast

Er du vår nye avdelingsleiar?

Me søkjer deg som ynskjer å vera ein positiv pådrivar i utvikling av tenesta, og som brenn for å jobbe med menneske med utfordringar innan psykisk helse og rus. Tenester for psykisk helse og rus er organisert i verksemd for tenester til personar med særskilde behov. Avdelinga har 12,5 årsverk, med ulik fagbakgrunn og høg kompetanse. Avdelinga har ansvar for tenester retta mot personar med psykisk helse og/eller rusutfordringar.

Tenesta består av:  

  • Oppfylging av barn og unge i tett samarbeid med skulehelsetenesta
  • Oppfylging av vaksne individuelt og/eller i gruppebaserte tiltak
  • Drift av dagsentertilbod
  • Miljøterapeutisk arbeid i bufellesskapet Brulim med 8 bustader for personer med alvorlig psykiske utfordringar, samt 2 bustader for personer med særskilde bu-utfordringar

Arbeidsoppgåver

  • Leie, utvikle og fylgje opp dine tilsette
  • Ansvar for fag, herunder arbeid med kvalitet og tenesteutvikling
  • Leggje til rette for eit godt samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar
  • Delta i brukarretta oppfylging
  • Leiar for kommunen sitt psykososiale kriseteam
  • Administrative oppgåver
  • Økonomi og budsjettansvar

Som avdelingsleiar vil du vera ein del av verksemdsleiar sitt leiarteam, saman med avdelingsleierane frå same verksemdsområde.

Kvalifikasjonar

Du som søkjer stillinga må ha:

  • Helse- eller sosialfagleg utdanning på minimum bachelornivå

Det er vidare ynskjeleg at du har:

  • Erfaring frå arbeid innan psykisk helsearbeid og rus
  • Relevant leiarerfaring og/eller leiarutdanning
  • Vidareutdanning innan psykiatri og rus

Personlege eigenskapar

  • Du er glad i menneske, er trygg, tydeleg og inkluderande
  • Du er god på å byggje relasjonar til menneska rundt deg
  • Du er fagleg engasjert og løysingsorientert
  • Du har ei strukturert, målretta og systematisk arbeidsform
  • Du har evne til å lytte og søkje gode løysingar, i samarbeid med andre
  • Du er god til å kommunisere, både skriftleg og munntleg

Me vektlegg personleg eignahet. 

Vi tilbyr

  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • Kompetanseutvikling innan leiing
  • Eit positivt arbeidsmiljø, med god takhøgde og mykje humor
  • Engasjerte kollegaer og tilsette, med fokus på fagleg utvikling og samarbeid
  • Løn etter avtale
  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar

I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. 
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Kontaktinformasjon

Carsten Hald, Verksemdsleiar, 90937093, carsten.hald@vinje.kommune.no

Arbeidsstad

Vinjevegen
3890 Vinje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 4896423427
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.03.2025
Søknadsfrist: 19.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Tenester til personar med særlege behov, Vinje kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Me som arbeider i verksemd for tenester for personar med særlege behov er opptatt av inkludering og meistring, og i arbeidet har me fokus på «kva er viktig for deg?». 

Tenester for personar med særlege behov er delt inn i tre avdelingar: psykisk helse og rus, tenester for funksjonshemma, og integreringstenesta.

 
Webside www.vinje.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Miljøarbeidere
Sted VINJE (Adresse: Vinjevegen Postnr: 3890)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-03-2025
Søknadsfrist 19-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/c926eef3-cd76-476a-b3a3-d1f647b42b96
IMPORTAPI