Avdelingsleiar Herøy brann og redning – Herøy kommune, sektor for samfunnsutvikling
Security and readiness Brann utryknings og redningspersonell(1 dag siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 07-01-2025
Deadline: 17-01-2025
Avdelingsleiar Herøy brann og redning
Vi søker etter avdelingsleiar i 100 prosents stilling i Herøy brann og redning.
Avdelingsleiar er brannsjef og øvste leiar for Herøy brann og redning. 50 prosent av stillinga er avsett til førebyggande arbeid.
Brannsjefen har arbeidsplassen sin på hovudbrannstasjonen som ligg på Eggesbønes. Herøy Brann og redning har òg ein stasjon lokalisert i Myrvåg, der det er tankbil og sjåførar i rullerande vaktordning.
Per idag har avdelinga to faste heiltidsstillingar i administrasjonen, fordelt på brannsjef, førebyggjande arbeid og beredskap. Det er krav til at brannsjefen skal vere ein del av den firedelte vaktordninga (rullerande heimevakt). Det er 28 deltidstilsette med i vaktordninga, delt på fire vaktlag ved hovudbrannstasjonen og fire sjåførar på vakt ved Myrvåg stasjon. I tillegg har vi seks røykdykkarar knytt til Myrvåg, som ikkje inngår i vaktordninga. Kvart vaktlag har innsatsleiar, utrykkingsleiar, sjåfør og to røykdykkarar. Innsatsleiar disponerer utrykkingskøyretøy til bruk i vaktordning kvar fjerde veke.
Avdeling brann høyrer organisatorisk til sektor for samfunnsutvikling, saman med eigedomsavdelinga, utviklingsavdelinga, landbruksavdelinga og avdeling for anlegg og drift.
Arbeidsoppgåver
- Brannsjef med ansvar for leiing etter Forskrift om organisering, bemanning og utrustning av brann – og redningsvesen og nødmeldesentralane (brann -og redningsvesenføreskrifta).
- Personalansvar for alle tilsette i avdelinga
- Økonomi og resultatansvar for avdelinga
- Ansvar for HMS-arbeid i avdelinga
- Vere ein del av kommunen si kriseleiing med overordna beredskapsansvar
- Deltaking i interkommunalt utval mot akutt forureining (IUA)
- Saksutgreiing til politisk behandling
- Samarbeid med interne og eksterne verksemder
- Ansvar for utviklings- og endringsprosessar
- Handtere presse -og media knytt til rolla som brannsjef
Nye arbeidsoppgåver vil kunne komme til og/eller verte endra.
Kvalifikasjonar
- Utdanning etter brann -og redningsvesenføreskrifta
- Leiarerfaring og erfaring frå brann -og redningsteneste
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk (kommunen har nynorsk som administrasjonsmål)
- Førarkort klasse B og utrykkingskompetansebevis, kode 160
- Gyldig uttømande politiattest
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.
Godkjent politiattest må leggast fram før tilsetting.
Personlege eigenskapar
- god til å kommunisere og vise engasjement for fag og tilsette
- god relasjonskompetanse som gjer at du lukkast med å leie, samarbeide og rettleie
- tydeleg og trygg, opptrer på ein måte som verkar samlande for dei tilsette
- god til å planlegge og jobbe systematisk og målretta
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting, i tillegg til kunnskap og erfaring.
Vi tilbyr
- løn etter gjeldande tariffavtale
- gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
- eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
- varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- eit samfunnsnyttig, spanande og ansvarsfullt arbeid
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.
Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Marit Sævik Leinebø, Konstituert kommunalsjef, +47 41439544
Arbeidsstad
Sjukeheimsvegen 12
6092 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 4902745171
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Herøy kommune, sektor for samfunnsutvikling orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla ytst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv times reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Kommunen har 9000 innbyggjarar og om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen. Næringslivet står sterkt i Herøy og har lange tradisjonar for å skape verdiar frå hav og fiske. «Ei båtlengd føre» er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Vi har eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår! |
Webside | http://www.heroy.kommune.no/ |
Bransje | Sikkerhet og beredskap |
Yrke | Brann-, utryknings- og redningspersonell |
Sted | FOSNAVÅG (Adresse: Sjukeheimsvegen 12 Postnr: 6092) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 17-01-2025 |