Stillingsbeskrivelse

Published 19-12-2024
Deadline: 12-01-2025

 

Avdelingsleiar Forebygging og rehabilitering

Vanylven kommune har ledig vikariat som avdelingsleiar i forebygging og rehabilitering. I denne avdelinga har vi tenestar for psykisk helse og rus, fysioterapi og ergoterapi, hjelpemiddelformidling og dagtilbod/gruppetilbod tilknytta tenestane. Frå 2025 utvider vi tenesta innan psykisk helse, til å også omfatte barn og unge.

Som leiar i forebygging og rehabilitering blir du eindel av eit sterkt fagleg miljø, med engasjerte medarbeidarar som brenn for å levere gode tenester til innbyggarane i kommuna.

Stillinga er på deltid og du vil kunne samarbeide med leiar-ressurs med erfaring i avdelinga. 

Har du lyst på ein gjevande jobb, der du får moglegheit til å være med å vidareutvikle avdelinga saman med kjekke kollegaer er du velkommen til å søkje hos oss!

Arbeidsoppgåver

Avdelingsleiar skal ha det faglege og administrative ansvaret innanfor avdelinga sine rammer. Avdelinga har til saman ca 10 årsverk. Forebygging og Rehabilitering er ei tverrfagleg avdeling med samansatte tenester, avdelingsleiar skal bidra til å vidareutvikle tenesta for å kunne gi kommunen sine innbyggjarar eit godt tilbod i dag og i framtida. 

  • Drift og personalansvar 
  • Økonomiansvar
  • Fagansvar 
  • Delta i tenestetildeling
  • Tverrfagleg arbeid
  • Internkontroll
  • Sjukefråværsoppfølging

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på høgskule/universitetsnivå er ønskeleg 
  • Erfaring frå leiingsrelatert arbeid er ønskeleg
  • Evne til god økonomistyring
  • Gode datakunnskapar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Gode samarbeidsevner
  • Beslutningsevner

Personlege eigenskapar

  • Du er ein tydeleg leiar som er positiv, trygg og engasjert i rolla
  • Du evnar å motivere og vidareutvikle dine medarbeidarar
  • Du balanserar strategisk tankegang med fokus på dagleg drift
  • Du er sjølvstendig, har god samarbeidsevne, fliksibilitet og du likar ein variert og utfordrande kvardag.

Vi tilbyr

  • Godt og fagleg aktivt miljø med engasjerte medarbeidarar 
  • Fagleg utvikling
  • Lønn etter avtale og villkår 
  • Viser til lønnspolitisk plan der du finn gode vilkår
  •  Nedbetaling av studielån med 15% inntil 28 000 p år, for tilsette i høgskulegruppa som bur eller flyttar til kommune.
  •  Vi har fokus på kvalitetsarbeid og forbetring av tenestane
  • Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar

Kontaktinformasjon

Karoline Lundås, Kommunalsjef Helse og omsorg, +47 90870942, karoline.lundas@vanylven.kommune.no

Arbeidsstad

Reitebakkvegen 23
6143 Fiskå

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vanylven kommune

Referansenr.: 4895001680
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Startdato: 01.02.2025
Sluttdato: 31.10.2025
Søknadsfrist: 12.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Helse og omsorg, Vanylven kommune orgnr: 974616661
Kort om arbeidsgiver

Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar. 

Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar. 
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar. 

Velkomen til å søkje hjå oss! 

Webside http://www.vanylven.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Leder innenfor helsetjenester
Sted FISKÅ (Adresse: Reitebakkvegen 23 Postnr: 6143)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse 01-02-2025
Søknadsfrist 12-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/397c3b1a-be33-4ea6-8bc6-0db0621ba145
IMPORTAPI