Avdelingsleiar – Alver kommune

Helse og sosial Leder innenfor helsetjenester

(1 uke siden)

  • ISDALSTØ
  •  Lagt til dato: 2. april 2025
  •  Expire date: 22. april 2025
Stillingsbeskrivelse

Published 02-04-2025
Deadline: 22-04-2025

Avdelingsleiar

Avdelingsleiar 100%  – Avdeling Helsehuset 

Sjukeheimstenesta opnar ny avdeling som vil vere lokalisert i 2. etasje på Helsehuset i Knarvik. Avdelinga vil vere ei korttidsavdeling med vurderingssenger for mottak av utskrivingsklare pasientar frå sjukehus. Avdelinga vil ha plass til 12 pasientar på dobbeltrom. Det vil vere knytt 12 årsverk til avdelinga. Tilsettgruppa vil bestå av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og pleiemedarbeidarar. Me planlegg for snarleg opning.

Her får du ein unik moglegheit til å forma og byggja ei avdeling frå grunnen av. Som avdelingsleiar ved avdeling Helsehuset vil du ha moglegheit til å setje ditt preg på avdelinga og byggja eit godt fagleg  og godt samansveisa team i nye og trivelege omgjevnader.

Om sjukeheimstenesta i Alver kommune

Sjukeheimstenesta i Alver består av 5 sjukeheimar: Velferdsenteret, Lindås bu og servicesenter, Såta bu og Servicesenter, Meland Sjukeheim og Knarvik Sjukeheim. Sjukeheimstenesta har totalt 183 sjukeheimsplassar fordelte på langtidsplassar, kortidsplasser, rehabiliteringsplassar og plassar til rulleranda avlasting. 

Me har eigne legar som er tilsett i sjukeheimstenesta. I tilegg er også kommunalt kjøkken organisert i sjukeheimstenesta. 

Arbeidsoppgåver

Er du ein god rollemodell som kan bidra til å skapa eit trygt og engasjerande arbeidsmiljø? Som leiar vil du ha heilskapleg ansvar for drift av avdelinga, under dette ansvaret for personal, HMS , fag og økonomi

Dine hovudoppgåver vil vera:

  • Sikre eit høgt fagleg nivå på tenestetilbodet
  • Organisera og utarbeida årlege turnusar
  • Følgje opp dei vedtekne økonomiske rammene til avdelinga
  • Planleggja og gjennomføre fagleg utviklingsarbeid saman med dei tilsette
  • Systematisk følgje opp avvik og sikre implementering av forbetringsarbeid blant dei tilsette
  • Sikre godt samarbeid med pårørande

Vidare vil du arbeida systematisk med lokale arbeidsmiljøgrupper for å sikra eit godt partssamarbeid mellom leiar, vernetenesta og tillitsvalde, godt arbeidsmiljø og gode tenester. Me vil følgja opp verksemdsplanar og delta aktivt i utvikingsprosessar.

Kvalifikasjonskrav 

  • Offentleg godkjent sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2 – test
  • Erfaring som leiar frå liknande avdeling
  • Erfaring frå arbeid i kommunehelsetenesta

Kven er du?

Me søkjer ein engasjerte og omsorgsfull leiar som brenn for trygg og god eldreomsorg. Du er ein inspirerande rollemodell som motiverer teamet ditt og fremjer dialog og samarbeid. Du har gode kommunikasjons og samarbeidsevner, og er ein trygge relasjonsbyggar. Som person er du løysingsorientert og du trivst i ein travel og tidvis uføreseieleg arbeidskvardag. 

Du er ansvarsmedviten, stødig og lojal, med eit heilskapleg perspektiv på avdelinga og verksemda. Du deler og formidlar kunnskap på ein trygg og god måte, og har evna til å arbeida både sjølvstendig og i team. Ditt faglege engasjement og målretta arbeidsmetode bidreg til eit inkluderande, positivt  og raust arbeidsmiljø.

Me tilbyr

  • Ein spennande jobb i nyoppstarta avdeling
  • Ei leiargruppe som samarbeider, støtter og utfordrer kvarandre. 
  • Løn etter avtale
  • God pensjonsordning i KLP
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk

Me er ein organisasjon i læring! 

Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling.  

Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Politiattest 

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Alver kommune orgnr: 974551624
Kort om arbeidsgiver

Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 4 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har totalt 175 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og ressursbank organisert i sjukeheimstenesta. 

Webside https://www.alver.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Leder innenfor helsetjenester
Sted ISDALSTØ (Adresse: Helsehuset Postnr: 5914)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 22-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e2747ae8-6f0e-4fe5-9a70-c2d02fdff29e
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/278057

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31