Stillingsbeskrivelse

Published 28-11-2024
Deadline: 15-12-2024

 

Avdelingsleiar

Vi søkjer deg som ønsker å leie ei stor og spennande avdeling med stor bredde og høg spisskompetanse.

Stillinga rapporterer direkte til klinikkdirektør, og inngår i klinikkdirektøren si leiargruppe.

Avdelingsleiar har eit delegert overordna resultatansvar for AIOA, Stord sjukehus. Dette inneber ansvar for personal, budsjett/økonomistyring, aktivitet og kvalitet, og at det blir fastsett mål og utarbeidd planar for drift og verksemd.

AIOA er ei nyoppretta avdeling som består av anestesienhet, intensivpost og dagkirugi, operasjonsenhet, akuttmottak og observasjonspost som har egne funksjonsleiare, samt enhet for anestesileger som er organisert direkte under avdelingsleiar.

Driften strekker seg fra prehospitalt til intrahospital akuttmedisin, operasjonar, dagkirurgi, intensivavdeling, postoperative senger og skadepoliklinikk.

I AIOA arbeidar blant anna spesialsjukepleiare, sjukepleiare, teknikere og legar. Høg aktivitet og engasjert personell kjenneteiknar avdelinga.

Arbeidsoppgåver

  • Delegert totalansvar for avdelinga. Avdelingsleiar skal leie og utvikle verksemda etter vedtatte målsettingar og strategiar, og i tråd med gjeldande fullmakter, lovar, forskrifter og avtaleverk
  • Personalansvar
  • Budsjett- og resultatansvar
  • Delta i klinikken si leiargruppe

Kvalifikasjonar

  • Relevant helsefagleg utdanning frå universitet eller høgskule
  • Fagleg kompetanse, klinisk erfaring innan fagområdet blir vektlagd
  • Leiarutdanning eller relevant ledererfaring blir vektlagd
  • Gode IKT kunnskaper
  • Gode norsk ferdigheiter, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Vere fleksibel og ha evne til å vurdere saker heilskapleg
  • Gode leiareigenskaper og gode samarbeidsevner
  • Resultatorientert
  • Evne til å jobbe strukturert og sjølvstendig
  • Beslutningsdyktig
  • Endringsvillig
  • Gode kommunikasjonseevner
  • Evne til nytekning og målretta arbeid

Vi tilbyr

  • Faglig og personlig utvikling
  • Løn etter avtale
  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

 

Kontaktinformasjon

Sunniva Austlid, Klinikkdirektør, +47 90096097

Arbeidsstad

Tysevegen 64
5416 STORD

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4887357921
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver AIOA, Avdeling for anestesi, intensiv, operasjon og akuttmottak Stord sjukehus orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Webside
Bransje Salg og service
Yrke Personlig tjenesteyting
Sted STORD (Adresse: Tysevegen 64 Postnr: 5416)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 15-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/a892b900-b51a-46a5-9652-c4573c81714e
IMPORTAPI