Stillingsbeskrivelse

Published 17-12-2024
Deadline: 15-01-2025

 

Avdelingsleiar, 100 % stilling

Firda vidaregåande skule ligg i kommunesenteret Sandane, i Gloppen kommune, sentralt i Nordfjord, ved E39 og 10 km frå flyplass. Skulen har 342 elevplassar. I tillegg har skulen ca 100 deltakarar i opplæringstilbod for vaksne. Firda vidaregåande skule samarbeider og med nettskulen i Vestland fylke om å tilby nettbaserte programfag. Det er ca 65 tilsette ved skulen.

Skulen har eit anlegg som er svært godt tilpassa utdanningsprogramma våre: helsefagarbeidar og tannhelsesekretær utdanning for vaksne, studiespesialiserande, idrett og musikk, dans, drama.

Det er eit tett samarbeid mellom skulen og Gloppen kommune, både gjennom anlegg, kultur og arbeidsliv, eit samarbeid som vi ynskjer å styrke og vidareutvikle. Naturen i området byr på unike kvalitetar og mange moglegheiter for eit aktivt liv både på bre, fjell og fjord. 

Frå 01.03.2025 til 31.07.2026 har vi ledig 100% stilling som avdelingsleiar ved skulen.

   

Arbeidsoppgåver

Vi søkjer etter ein leiar som tek vare på mangfaldet blant elevane, og som vil bidra med å  utvikle profesjonsfellesskapet i skulen. Den som blir tilsett må ha evne og vilje til å  bidra i arbeidet med å vidareutvikle skulen og kvaliteten i opplæringa.
 
Det vil bli lagt noko undervisning til stillinga. Det kan og bli aktuelt å vidareføre tilsettinga utover den avtalte perioden.

Ansvarsområde for stillinga:
-I samarbeid med resten av leiargruppa utvikle skulen i samsvar med formålsparagrafen og skulen sin utviklingsplan
-Sikre eit trygt og godt skulemiljø og god medverknad frå elevane
-Sikre eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette, fagleg utvikling, god medverknad og kulturbygging
-Bidra i strategi- og utviklingsprosessar
-Delta aktivt i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid og kompetanseutvikling
-Personal ansvar
-Ansvar for økonomi i si avdeling
-Undervisning i aktuelle fag

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett må ha pedagogisk kompetanse.

Det er ønskjeleg at du:
– set elevane si læring og deira utvikling i sentrum for skulen sitt arbeid
– har god kjennskap til vidaregåande opplæring og relevant erfaring 
– har praksis frå utviklingsarbeid og god gjennomføringsevne
– har gode leiareigenskapar, relevant leiarerfaring og leiarutdanning
– er med og byggjer eit sterkt fagleg profesjonsfellesskap og ein verdibasert kultur som heile tida søkjer vidare utvikling
– kan undervise i aktuelle fag ved skulen

Erfaring utanfor opplæringssektoren kan òg vektleggjast.

 

Personlege eigenskapar

Din leiingspraksis er kjenneteikna av at du er;
– Open, nytenkjande og tillitsskapande
– Har evne til å arbeide målretta, systematisk og løysingsfokusert
– Har gode kommunikasjonsevner og evne til å skape tryggleik i krevjande situasjonar 
– Har gode samarbeidsevner og er sosial og inkluderande
 

Vi tilbyr

– givande arbeid med ungdom og vaksne i vidaregåande opplæring i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
– ein raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre og bidrar til fellesskapet
– deltaking og fellesskap i leiargruppa både lokalt og på fylkesnivå
– løn etter avtale
– fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
 
Vestland fylkeskommune legg vekt på godt samarbeid, tett dialog og oppfølging mellom leiarane i fylket.

Meir informasjon om skulen finn du på nettsida, www.firda.vgs.no. Det blir teke atterhald om tilsetjing då overtalige ved andre skular kan ha førerett til stillingane. Det blir òg teke atterhald i forhold til endringar i stillingsplanarbeidet.
Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema.  Gje opp minst to referansar. 

Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset godkjent politiattest. Stillinga har seks månader prøvetid.
Søknadsfrist 15.01.2025
Nærare opplysningar om stillingane får du ved å vende deg til rektor Hallgeir Hansen tlf 415 30 885 eller påtroppande rektor Tove Hanne Ommedal tlf 930 93 933

Kontaktinformasjon

Hallgeir Hansen, rektor                        , 41530885

Arbeidsstad

Firdavegen 21
6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4898165310
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.03.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 15.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver FIR – FIRDA VGS, Vestland fylkeskommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Webside www.firda.vgs.no
Bransje Salg og service
Yrke Personlig tjenesteyting
Sted SANDANE (Adresse: Firdavegen 21 Postnr: 6823)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-03-2025
Søknadsfrist 15-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/78c52e11-c69f-4840-9c77-e6bc39fc5081
IMPORTAPI