Avdelingsleiar 100% fast stilling – Bu- og rehabiliteringstenestene, Sykkylven kommune
Sales, retail and retail trade Personlig tjenesteyting(5 dager siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 17-12-2024
Deadline: 08-01-2025
Avdelingsleiar 100% fast stilling
Vi lyser ut ei spanande leiarstilling med utviklingsmoglegheiter. Har du gode leiareigenskapar? Er du ein motivator og har evne til å sjå folk rundt deg?
Då kan dette vere stillinga for deg!
Avdeling Barne- og avlastningtenestene ligg under Bu- og Rehabiliteringstenestene. Eininga har fire avdelingar, i tillegg til barne- og avlastningstenestene er det to avdelingar som yt tenester og har butilbod til vaksne, og avdeling for psykisk helse- og rus. Barne- og avlastningstenestene yt tenester til born og unge med ulike funksjonsvariasjonar. Formålet er å gje borna god omsorg, opplæring og tilrettelegging i dagleglivets gjeremål.
Vi har fokus på kompetanse og har det einskilde barnet i fokus. Det vert lagt vekt på brukarmedverknad og godt samarbeid med foresatte ut frå den enkelte sitt behov.
Dette er ei teneste i utvikling og du får vere med på å utvikle det framtidige tenestetilbodet. Frå juni neste år står ny barne – og avlastningsbustad klar, og vi flyttar inn i totalrenoverte lokaler! Ein stor del av tenestene vert lokalisert der. I tillegg til barne- og avlastningsbustader vil du ha ansvar for støttekontakt,avlastning avlastningstilbod før- og etter skuletid for born/unge i ungdomskulealder og oppover.
Arbeidsoppgåver
- Du har delegert medansvar for økonomi,- personal,- og fagansvar for avdelinga
- Samhandling med andre verksemder innad i kommunen, spesialisthelseteneste og andre eksterne
- Samarbeidspartnarar er eit viktig ansvarsområde.
- Opparbeide og vidareutvikle eit godt samarbeidsmiljø med tilsette, brukarar og pårørande
- Opparbeide og vidareutvikle faget, med eit stabilt fagmiljø der kompetanseutvikling har fokus
- Utvikle ein lærande organisasjon med fokus på forbetringsarbeid
- Du er aktiv i kvalitetsarbeid, internkontroll og utvikling av tenestene
- Du er med på å sikre god ressursutnytting innanfor tildelte rammer
- Turnusarbeid og turnusplanlegging
- Du inngår i leiargruppa med dei andre avdelingsleiarane og einingsleiar
- Du har rapporteringsansvar for di avdeling til einingsleiar
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjent vernepleiar eller sjukepleiar. Andre med relevant helse og/eller sosialfagleg høgskuleutdanning kan òg søkje.
- Ynskjeleg relevant vidareutdanning innan leiing eller anna relevant vidareutdanning
- Relevant leiarerfaring
- Erfaring /forståing for avtaleverket derav forståing/erfaring frå trepartsamarbeid med verneombod og tillitsvalde.
- Du har god økonomiforståing og god forståing for leiarrollen
- Du har god kjennskap til lovverket vi yt tenester etter
- God kjennskap til turnusarbeid og turnusplanlegging
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Vi ynskjer ein avdelingsleiar som har tydelege leiareigenskapar, er sjølvstendig og målretta
- Du bidreg til god dialog med avdelinga sine tilsette, brukarar og deira pårørande
- Du er resultat og utviklingsorientert
- Du har gode samarbeidsevner samt høg gjennomføringsevne
- Du er strukturert, lojal og fleksibel
- Du har evne til å stå i krevjande situasjoner over tid
- Du ser verdien av innvolvering og gode prosessar
- Førarkort klasse B
Personleg eignaheit vert vektlagd
Vi tilbyr
- Varierte, utfordrande og sjølvstendige arbeidsoppgåver
- Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
- Løn etter kommunale betingelser
- Obligatorisk tenestepensjonsordning
- Gunstige låne- og forsikringsordningar
- Godt arbeidsmiljø
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Kontaktinformasjon
Lisbeth Schei Bjørdal, einingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene, lisbeth.bjordal@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
Haugneset 16
6230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Referansenr.: 4898194638
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Bu- og rehabiliteringstenestene, Sykkylven kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon. Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. |
Webside | http://www.sykkylven.kommune.no/ |
Bransje | Salg og service |
Yrke | Personlig tjenesteyting |
Sted | SYKKYLVEN (Adresse: Haugneset 16 Postnr: 6230) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 08-01-2025 |