Avdelingsingeniør – 50% midlertidig prosjektstilling – Laboratorieklinikken/ Avdeling for patologi, Helse Bergen
Construction Andre ingeniorer(2 uker siden)
Stillingsbeskrivelse
Published 12-11-2024
Deadline: 01-12-2024
Avdelingsingeniør – 50% midlertidig prosjektstilling
Forskingsgruppa «Hjernesvulst & Mikromiljø forskningsgruppe» med forankring ved Avdeling for Patologi, Laboratorieklinikken, Helse Bergen, og Universitetet i Bergen, har no ledig ei 50% prosjektstilling (12 månader) som avdelingsingeniør i forskingsprosjektet ««Combining cutting edge technologies for target discovery in brain tumors»», finansiert av Helse Vest. «Hjernesvulst & Mikromiljø forskningsgruppe» blir leia av Prof. Hrvoje Miletic. Gruppa nyttar avanserte metodar for å forstå samspelet mellom hjernekreftceller og normale celler i mikromiljøet i hjernen.
Tilsetting frå 1. januar 2025 er ønskeleg.
Arbeidsoppgåver
- Eksperimentelt arbeid med cellekultur, lentivirus produksjon, lentiviral transduksjon, flow cytometri og hjelp med dyreforsøk
- Avdelingsingeniøren må òg kunne arbeide heilt sjølvstendig på laboratoriet med dei teknikkane som prosjektet omfattar
Kvalifikasjonar
- Må ha fullført mastergrad i eit relevant fagområde innan eksperimentell biomedisin
- Må ha kunnskap innen cellekultur, flow cytometri og dyreforsøk
- Må ha bakgrunn frå og stor interesse for kreftforsking
- Må ha praktisk erfaring med cellekulturarbeid, dyreforsøk (inkludert FELASA C godkjenning eller tilsvarende) og flow cytometri. Kunnskap innan lentivirale vektorer og medførande metoder er ynskjeleg
- Skriftleg og munnleg engelsk på høgt nivå er nødvendig
Personlege eigenskapar
Vi søker ein dyktig og engasjert kandidat med interesse for forsking innan hjernekreft og suicidgenterapi. I tilsetjinga vil det bli lagt avgjerande vekt på fagleg styrke, arbeidskapasitet, sjølvstende, tidlegare forskingskompetanse frå liknande prosjekt, gode samarbeidsevner, entusiasme for forsking, samt evne og motivasjon til å gjennomføre oppgåvene.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø og spennande arbeidsoppgåver
- Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
- Lønn etter gjeldande avtale
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Elisabeth Wik, Avdelingssjef, 55973175
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen
Referansenr.: 4882981773
Stillingsprosent: 50%
Engasjement
Startdato: 01.01.2025
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 01.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Laboratorieklinikken/ Avdeling for patologi, Helse Bergen orgnr: 974557746 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. |
Webside | www.helse-bergen.no |
Bransje | Bygg og anlegg |
Yrke | Andre ingeniører |
Sted | BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021) |
Stillingstype | Prosjekt Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | 01-01-2025 |
Søknadsfrist | 01-12-2024 |